Hopp til innhald

Fagstoff

3 tips til produksjon av dataspel

Om du vil jobbe med å lage dataspel, er det berre å setje i gang. Del det du lagar med andre, og etabler eit nettverk med andre som lagar dataspel.

1 Lag dataspel

Det finst inga unnskyldning for ikkje å setje i gang. Det er mange program og ressursar på nettet. Dette kan du finne ut av sjølv.

2 Del det du lagar med andre

Endå om du synest det du lagar er dårleg, så del det med andre. Då får du tilbakemelding på det du gjer. Neste gong gjer du eit betre stykke arbeid enn du ville gjort utan denne responsen.

3 Skaff deg eit nettverk

Deler du ting med andre, får du også eit nettverk. Andre plukkar opp arbeidet ditt, du får vennar som interesserer seg for det same som du gjer, og du får lettare eit arbeid innanfor det du vil jobbe med.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 01.08.2018

Læringsressursar

Underhaldning