Hopp til innhald
Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet underhaldning

Sjekk om du har fått større innsikt i underhaldningsbransjen og korleis du lagar underhaldande innhald klart til publisering.

Har du forstått?

Kan du svare ja på spørsmåla nedanfor, har du fått med deg det viktigaste frå emnet underhaldning.

  • Eg kan forklare omgrepet underhaldning.
  • Eg forstår kva vi meiner med publiseringsklart.
  • Eg har blitt meir klar over korleis andre produserer underhaldning som treffer ulike målgrupper.
  • Eg forstår meir av kvifor vi er storforbrukarar av underhaldning.
  • Eg har planlagt og laga underhaldning i ulike kanalar og for ulike målgrupper.
  • Eg kjenner til ulike TV-format og kan forklare kva det betyr.
  • Eg kjenner til ulike aktørar innan underhaldning.
  • Eg kjenner til ulike yrkesroller innan underhaldning.
  • Eg kan forklare omgrep som populærkultur og globalisering.

NØKKELORD