Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag mem som fengjer

Mem har blitt ei populær uttrykksform i sosiale medium. Dei er visuelle, spreier humor og kan lagast på få minutt. Vil du prøve?

Alt du treng for å lage mem (engelsk: memes), er din eigen fantasi, tilgang til internett og ein mobiltelefon eller datamaskin.

Kva er mem?

Eit mem er eit visuelt uttrykk som blir spreidd på internett. Eit mem kan vere eit bilete, ein illustrasjon eller ein video med ein kort tekst som kan ta opp ulike tema. Vellykka mem kan spreie seg til mange brukarar, mens mindre vellykka mem døyr ut.

Sjå døme på ulike memer på Reddit.

Todelt mem. Til venstre er det bilete av ei dame med oppspilte auge og teksten «Lærer: Å lage memer blir gøy!». Til høgre er eit bilete av ei trollmaske med masse rynker, tørr og sigen hud, djupe, svarte augeholer og teksten «Etter timen …». Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førearbeid i klassen

  1. Finn nokre mem på internett, og last opp døma på ei felles digital tavle (bruk til dømes Samtavla eller Padlet). Kanskje læraren dykkar kan opprette klassetavla?

    Innføring i samtavla

  2. Ranger mema etter kriterium som de lagar i lag, til dømes: mest morosame mem, mest/minst støytande, mest/minst originale mem …

Individuell oppgåve

Lag to–tre mem som tek opp eit aktuelt tema, og som du trur kan få viral spreiing blant jamaldringar. Poenget er å bruke humor og skape interesse. Unngå sjikane og personangrep. Når du er ferdig, lastar du opp dei ferdige mema dine til den digitale klassetavla.

Slik lagar du eit mem

  • Format: Liggjande format (t.d. 1200 × 628) passar best på til dømes Facebook. Du kan òg velje kvadratisk (t.d. 1080 × 1080) og ståande format (1200 × 628) om du vil publisere på Instagram eller Reddit.
  • Bilete/illustrasjon/video: Eit mem består som oftast av eit bilete / ein illustrasjon eller eit kort videoklipp. Bruk noko du har produsert sjølv, eller finn noko som er delbart og har riktig lisens (til dømes CC-BY). Hugs å kreditere opphavspersonen!
  • Tekst og ikon: Pass på at teksten din er lesbar og kommuniserer godt. Du kan variere med skrifttype, storleikar og fargar. Du kan leggje til ikon for å forsterke bodskapen din, til dømes piler, emojiar og liknande.
  • Programvare: Om du har tilgang til Adobe, kan du bruke Spark Mememaker, elles kan du søkje opp gratis «meme-generators» på nettet. Du kan òg laste ned appar til mobilen som hjelper deg å lage mem.
  • Deling og nedlasting: Last ned mema dine som PNG- eller JPG-filer. I denne oppgåva skal du laste opp mema til den digitale klassetavla, slik at de kan sjå på mema til kvarandre. Seinare kan du dele mema dine på sosiale medium om du vil.

Sluttrefleksjon i klassen

Sjå på mema de har produsert, og forsøk å få til ein diskusjon om forbruket av mem. Her er nokre spørsmål de kan diskutere:

  • Kvifor er mem populært?
  • Korleis blir de påverka av mem?
  • Kva fordommar speler mema dykkar på?
  • Kvar går grensa for kva ein kan tulle med?

  • Forstår de humoren til kvarandre?

  • Er det nokon av mema som provoserer?

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2021

Læringsressursar

Underhaldning