Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein skrekkfilm

Lag ein skrekkfilm basert på manuset og storyboardet Skrekkfilm. Oppgåva eignar seg som ei større prosjektoppgåve. Dersom tida ikkje strekk til kan de berre lage den første scena i filmen.
gutt som ser seg engstelig tilbake

Synopsis

Hovudpersonen, Konrad, blir forfølgt av ein mystisk person. Konrad forsøkjer å rømme, men blir teken att av den mystiske personen på slutten av filmen. Denne viser seg då å vere ei hjelpsam kvinne, som berre vil gi Konrad tilbake mobilen han gløymde på kafeen. Når Konrad letta forstår dette, tek filmen brått ei ny vending. Kvinna blir sporlaust borte utan noka naturleg forklaring. Konrad får like etter ei tekstmelding.

Det er opp til deg å dikte opp kva tekstmeldinga seier, men innhaldet må også her vere innanfor sjangeren thriller/skrekkfilm. Ho skal med andre ord ikkje vere morosam, men heller gi sjåarane eit siste grøss. Meldinga kan også vere ei bilet- eller videomelding.

Manus og storyboard

Last ned filene til filmen:
manus skrekkfilm og storyboard og storyboard skrekkfilm (vedlegg i pdf-fomat):

Filer

Bruk dette materialet som utgangspunkt for korleis filmen skal bli. Nøyaktig rekkjefølgje på klippa, og lengda på dei, bestemmer du sjølv. Utfordringa di er å fortelje historia så spennande som råd er. Sett deg godt inn i kva filmideen går ut på, og ha heile tida storyboardet framfor deg når du redigerer filmen.

Krav til filmen

  • Lengd: maks. 3 minutt. Rulleteksten tel ikkje med på lengda.
  • Filmhistoria skal i hovudsak følgje storyboardet og ideen til filmskaparen. Det er viktig at historia er lett å forstå for sjåarane. Det skal ikkje være logiske brot i handlinga.
  • Historia skal ha ei tradisjonell spenningskurve med klimaks når den mystiske personen tek att Konrad.
  • Filmen skal halde eit tempo og ha eit lydbilete som byggjer opp spenninga.
  • Lydbilete: Du må bruke kontentum frå originale opptak. Du kan leggje til ekstra kontentum og eventuelt endre kontentum heilt på nokre klipp. Du skal også bruke musikk i filmen og leggje til nokre lydeffektar.
  • Visuelle effektar: Filmen skal innehalde minst éin overgang. Denne kan godt berre vere ein tittel som blir feida inn eller ut. Dersom redigeringsprogrammet du bruker gir deg høve til å leggje inn visuelle effektar, legg du inn minst ein som høver til filmen.
  • Tidsendring: Minst ein stad i filmen skal du endre hastigheita på filmen (sakte eller rask film). Dette må passe naturleg inn i handlinga.
  • Tekstmelding: I filmen får Konrad ei tekstmelding. Du skal sjølv velje innhaldet i denne (sjå ovanfor). Dette blir ein visuell effekt som du må skape sjølv. Eksporter eit stillbilete frå filmen som viser nærbilete av mobiltelefonen i handa til Konrad. Biletet tar du inn i Photoshop, og her skal du lage eit nytt lag på biletet. På det nye laget skriv du innhaldet i tekstmeldinga, eller legg på eit bilete. Dette lagrar du og importerer det deretter inn i videoredigeringsprogrammet der du skal få det til å sjå ut som om meldinga står eller dukkar opp på mobilen.
  • Tittel: Filmen skal ha ein tittel som du vel sjølv.
  • Filmen skal også ha ein rulletekst heilt på slutten. Han skal gi informasjon om: Skodespelarar: Konrad – (namn), Mystisk kvinne – (namn); Kamera – (namn); Manus – Bård-Inge Heggholmen; Storyboard – Sigbjørn Vågenes; Redigering – (ditt namn). Du står fritt til å leggje til meir i rulleteksten om du ønskjer det.
  • Eksport: Den endelige filmfila skal du lagre i formatet H.264 og til dømes mpeg4.

Refleksjonsnotat

Når filmen er ferdig, skal du skrive eit refleksjonsnotat. I notatet kommenterer du dei ulike vala du har gjort i lys av dei krava som var sett til filmen. Gjer både greie for kva du har gjort, og kvifor du gjorde det slik. Vurder produkt og arbeidsprosess. Kva er bra, kva kunne vore betre? Notatet skal vere på cirka ei side.

Relatert innhald

Skrekkfilmar fortel mykje om dei trauma og fiendebileta som finst i eit samfunn.

CC BY-NC-NDSkrive av Sigbjørn Vågenes og Mediana. Rettshavar: Senter for nye medier, Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 03.07.2018

Læringsressursar

Underhaldning