Planlegg innhald i sosiale medium - Mediesamfunnet 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Planlegg innhald i sosiale medium

Gjer som profesjonelle medieprodusentar: Lag ein plan for innhaldet ditt i sosiale medium.

Stjernene på Instagram, TikTok og YouTube bruker tid på å planleggje innhaldet sitt. Målet med dette oppdraget er å gjere deg meir medviten om korleis du kan planleggje publiseringsklart innhald som treffer målgruppa di. Suksess i sosiale medium krev arbeid og innsats.

Oppdraget: Planlegg SoMe-innhald

Du skal planleggje innhald som skal publiserast i sosiale medium i ei veke. Du bestemmer sjølv målgruppe, publiseringskanal og talet på innlegg.

1: Gjer forarbeidet

  • Bestem type innhald: Tenk på noko som du kan mykje om, som engasjerer deg, eller som du er oppteken av. Døme kan vere mote, gaming, mat, film, sport eller humor.
  • Vel målgruppe: Kven ønskjer du å nå? Er det kanskje seksåringar, jamaldringar eller menn over femti som gamar?
  • Sosiale medier-kanal: Vil du publisere på Instagram, på TikTok, i ein blogg, på YouTube? Tenk over kva medium målgruppa di bruker.

2: Lag ein innhaldsplan

Når du har valt type innhald, målgruppe og publiseringskanal, kan du byrje å planleggje innhaldet ditt. Tenk over korleis du kan lage innlegg som treffer målgruppa di. Du vil jo ha mange følgjarar. Skal du skape innlegg som inviterer til interaksjon? Kan du finne på noko som engasjerer, som gjer at innhaldet ditt blir spreidd vidare til nye brukarar?

Opprett ein digital innhaldsplan:

  • Skriv ei kort innleiing om kva slags innhald du planlegg, og kva målgruppe og publiseringskanal du har valt.

  • Lag ei kort skildring av kvart planlagde innlegg. Få med når du vil publisere, og forklar kvifor du meiner dette er lurt.
  • Grunngi kvifor du meiner innhaldet ditt vil fengje målgruppa di.
  • Til slutt skal du og ein medelev vurdere innhaldsplanane til kvarandre. Passar innhaldet til målgruppa? Er det riktig kanal, og passar publiseringstidspunkta?

Ekstraoppgåve: Produser!

Lag noko av innhaldet som du har planlagt. Avtal med læraren din kva du vil gjere, og kor lang tid du kan bruke på det.

Skrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 29.01.2021