Humor: søk kjelder og skap reklame - Medie- og informasjonskunnskap 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Humor: søk kjelder og skap reklame

Kva er humor, og korleis bruker vi verkemiddel for å formidle bodskapar på ein humoristisk måte?

Oppvarming

I denne oppgåva skal du utforske humor. Kva er humor? Kvifor er noko morosamt? Kva verkemiddel kan vi bruke for å få andre til å le?

Sjå på denne snutten: Norske grønsaker med skråblikk på mobilbruk.

Reflekter omkring humoren som blir presentert. Er det morosamt eller ikkje? Kvifor / kvifor ikkje?

1) Finn medieuttrykk som får deg og/eller andre til å le

  1. Finn døme på video, reklame, vitsar, mem, seriestriper …

  2. Vurder kva type humor døma speler på: slapstick, sketsjar, tabbar, overraskingar, overdrivingar, satire, karikering eller anna.

  3. Kva ved uttrykka er det som utløyser latteren? Noko språkleg morosamt, gøyal bruk av lyd eller noko visuelt vittig? Eller kanskje er det ein kombinasjon eller noko heilt anna?

2) Del døma i grupper, og diskuter

Bruk tid til å dele, le og vurdere døma de har funne.

  • Bestem dykk for tre–fire uttrykk de går vidare med.

  • Fordel dei i gruppa.

  • Beskriv sjanger, form og innhald, og beskriv innhaldstypar som er brukte og korleis dei er brukte saman.

  • Kva er dei sentrale verkemidla? Kvifor blir dette morosamt?

  • Plukk ut sekvensar, grep og verkemiddel de synest er særleg kule.

  • Er medieuttrykket vanskeleg å knekkje? Søk rettleiing hos læraren!

Hugs å bruke ferdigheiter i dialog
  • Pass på at heile gruppa blir involvert.

  • Lytt aktivt.

  • Ver nysgjerrig og still opne spørsmål.

  • Vis at du set pris på dei andre sine bidrag.

  • Bygg på andre sine tankar og idear.

  • Avklar kva du meiner, og argumenter konstruktivt.

3) Kva er humor? Finn informasjon og del med gruppa

Bruk strategiar for kjeldesøk for å finne informasjon om og døme på humor, eller noko som liknar (morosamt, latter, gøyalt, leik). Du kan jobbe åleine eller samarbeide med andre, men de jobbar i eit felles samarbeidsdokument.

  • Kva søkjeord er relevante å bruke? Kva ønskjer de å finne ut?

  • Finn de informasjon om ulike humorkategoriar?

  • Kvifor ler vi menneske? Kva får oss til å le?

  • Kan de finne enkle definisjonar, journalistiske artiklar, men også meir avanserte fagartiklar som seier noko om kva humor er?

  • Finn de litteratur om typiske sjangrar der humor er sentralt?

  • De kan gjerne avgrense temaet.

4) Skap ein humoristisk reklame

Lag ein reklame (radioreklame, Snapchat-reklame, plakat) for eit produkt de vel sjølv. Bruk humor som verkemiddel.

  • Vel settingen.

  • Vel uttrykksform.

  • Vel kva verkemiddel og grep de vil bruke.

  • Ver etterrettelege – oppgi kjelder de bruker og er inspirerte av.

  • Bruk riktig lisens dersom de bruker brukarlisensiert innhald.

  • Ha målgruppa klart for dykk.

  • Gjer medieuttrykket klart til publisering.

5) Sjå bidraga frå dei andre, og gi stjerner

Vis medieuttrykka til kvarandre i klassen. Gi kvarandre inntil fem stjerner.

Kva?

Stjerner

humor

⭐⭐⭐⭐⭐

idé

⭐⭐⭐⭐⭐

etterretteleg kjeldebruk

⭐⭐⭐⭐⭐

lisensiering

⭐⭐⭐⭐⭐

målgruppe

⭐⭐⭐⭐⭐

Tips til læraren

Oppgåva kan enkelt kombinerast med eit oppdrag eller ei prosjektoppgåve.

Relatert innhald

Fagstoff
Søk på nett og strategiar

Når du gjer nettsøk, kan du bruke strategiar for navigasjon og bruk av søkjeord, du kan planleggje og dokumentere søk, og du kan bruke lesestrategiar.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2021