Hopp til innhald

Fagstoff

Strøymande underhaldning

Vi bruker mykje tid i mediekvardagen vår på underhaldning. Vi ser filmar på Netflix. Vi høyrer på musikk, eller gamar. Å jobbe med underhaldning handlar om å lage målgrupperetta innhald som vekkjer kjensler og gir røyndomsflukt. Treng vi underhaldning?
Gut sit framfor ei datamaskin og gamar. Foto.

Kva er underhaldning?

Tullevideoar på nettet, mobilspel, TV-show og humorprogram. Alt dette er døme på medieinnhald som er laga for å underhalde deg.

Omgrepet "underhaldning" betyr å muntre eller more. Når du blir underhalden av noko, kan det vekkje positive kjensler. Innhaldet er gjerne "feelgood", det vil seie at det ikkje problematiserer noko og krev at du anstrengjer deg for mykje. Underhaldning kan vere humoristisk, passe spennande, fullt av kjensler og estetisk tiltalande.

Etablerte TV-format som Mesternes mester og Paradise Hotel kan gå i fleire sesongar, fordi dei klarer å underhalde og engasjere målgruppene sine. Mykje av underhaldninga som blir produsert, er lett tilgjengeleg, gjenkjenneleg og i ei forståeleg form.

Underhaldning i alle kanalar

I dag har du moglegheita til å bli underhalden i mange kanalar og i ulike format. Du kan til dømes sjå innhaldet via mobilen, datamaskina eller fjernsynet. YouTube, sosiale medium og strømming av film- og TV-tenester er nokre av medietypane som gir deg rask og enkel tilgang til underhaldningsinnhald.

Underhaldningsindustrien er stor med mange aktørar og ulike yrkesvegar. Du kan til dømes jobbe med underhaldning innanfor TV, radio, spillindustrien, musikk, film og digitale medium.

Blant dei største distributørane i verda av underhaldning er Disney, Google, Netflix, Comcast, Nintendo og Warner Bros.

Kvifor treng vi underhaldning?

Dei fleste av oss er samde om at det er viktig å følgje med på nyheitene. Men kvifor er underhaldning nødvendig?

Vi kan seie at underhaldning dekkjer fleire menneskelege behov:

  • Behovet for å halde seg oppdatert er eitt av dei. Har vi sett den same kinofilmen, kan vi snakke om det i friminuttet.
  • Underhaldning kan òg verke samlande. Store TV-storhendingar som olympiske leikar og Eurovision Song Contest kan få oss til å føle at vi høyrer til i det norske fellesskapet, og til og med i Europa eller heile verda. Dei fleste av oss liker å kjenne på at vi er ein del av noko større.
  • Underhaldning kan òg dekkje behovet for røyndomsflukt. Vi må tillate oss å gløyme kvardagen og slappe av iblant. Då kan det kjennast godt å flykte inn i eit spel eller ein serie.
  • Dessutan: Vi treng å le, og more oss. Det er viktig for livskvaliteten vår. Då kan ein morosam video i sosiale medium vere akkurat den avkoplinga vi treng. Under den alvorlege korona-pandemien i 2020–21 fekk til dømes humorserien Førstegangstjenesten (NRK) med Herman Flesvig høge sjåartal. Kanskje humoren gav folk ei etterlengta lattersalve og røyndomsflukt? Her er eit klipp frå serien, "Ola Halvorsens koronatips".
CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2021

Læringsressursar

Underhaldning