Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Prisen for å bli berømt

I det fiktive realityshowet Generation Mars er premien ein einvegsbillett til planeten Mars. Kor langt er du villig til å gå for å bli ein kjent person? Sjå filmen og diskuter i klassen.

Kortfilmen "Generation Mars" handlar om Astrid som har vunne eit realityshow der vanlege menneske blir sende til Mars utan å kunne kome tilbake. Sjå kortfilmen i klassen, og diskuter filmen etterpå.

Reflekter gjerne rundt følgjande spørsmål:

  • Kva tankar gjorde du deg undervegs om Astrid sin situasjon?
  • Kva synest du om slutten på kortfilmen? Kva trur du skjer vidare?
  • Realityshow har vore med på å flytte grenser for kva vi oppfattar som akseptabelt. Kunne dette realityshowet ha vorte laga i verkelegheita?
  • På kva måte kan populære underhaldningsprogram bidra til å skape unødig press?
  • Kva er bodskapen til filmen?
  • Kor langt er du villig til å gå for å bli ein kjend person?


CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 18.12.2019

Læringsressursar

Underhaldning