Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skap ein filmkarakter med mobilen

Korleis kan du fortelje mest mogleg om ein person gjennom bilete? Gi liv til ein fiktiv karakter ved hjelp av ei visuell, interaktiv tavle.
Tavle med idear i Pinterest. Skjermbilete.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forarbeid

Studer skjermbiletet frå denne interaktive tavla som er laga på Pinterest. Snakk saman i par.

  • Kva slags inntrykk gir tavla?
  • Sjå for deg at dette er augneblink frå Pers liv. Kva fortel bileta om Per? Kva type er han? Kor gammal er han?
  • Korleis ser Per ut? Teikn Per, eller finn eit bilete på nettet.
  • Del inntrykket de har fått av Per, med eit anna par. Kva er likt, kva er ulikt? Korleis kan bilete fortelje meir enn ord?

Oppdraget

Du blir beden om å utvikle ein fiktiv hovudkarakter til ein ny ungdomsfilm. Karakteren skal vekkje attkjenning og empati hos målgruppa, men han/ho kan gjerne ha nokre overraskande eller originale sider.

  1. Lag ei liste med stikkord om den fiktive personen. Skriv til dømes ned namn, alder, utsjånad, eigenskapar og karaktertrekk.
  2. Opprett ei interaktiv tavle, til dømes gjennom Pinterest. Last ned appen på mobilen, eller bruk nettsida.
  3. Finn bilete som gir informasjon om den fiktive personen din. Vel bilete som fortel noko, og som bidreg til å utvikle karakteren din. Tenk: "Show, don't tell!"
  4. Vis til slutt tavla til nokon som ikkje kjenner karakteren du har skapt. Be dei beskrive kva inntrykk dei får av personen. Stemmer inntrykket deira med det du ønskte å formidle? Korleis trur de karakteren vil treffe målgruppa? Vekkjar han eller ho attkjenning og empati?
Slik bruker du Pinterest
  1. Last ned appen Pinterest på mobilen, eller bruk nettsida.
  2. Registrer deg (gratis) for å logge inn.
  3. Opprett ei tavle, og gi ho eit namn, til dømes "Per – den fiktive personen min". Vel "hemmelig" viss du ikkje ønskjer å dele han med andre.
  4. Søk etter bilete. Trykk "lagre", og legg bileta i tavla di.

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 02.02.2021

Læringsressursar

Underhaldning