Hopp til innhald

Fagstoff

Kommunikasjonsmodellar

Kva er det som eigentleg skjer når vi kommuniserer med kvarandre? Ulike kommunikasjonsmodellar kan hjelpe oss å forstå og forklare kva som skjer når vi kommuniserer.
Smilande dame beskriv ved hjelp av kroppsspråk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har du nokon gong tenkt på kva som eigentleg skjer når du kommuniserer med nokon? Kvifor er det slik at kommunikasjonen nokre gonger fungerer utan særlege problem, medan vi i andre situasjonar kan oppleve at kommunikasjonen fungerer dårleg, og kanskje til og med stoppar opp heilt?

Modellar for personleg kommunikasjon

Kommunikasjon som skjer mellom to privatpersonar, kallar vi personleg kommunikasjon. Når vi skal studere korleis vi forstår og misforstår kvarandre, må vi òg utforske kva faktorar som påverkar kommunikasjonen. Modellar som gjer det tydeleg kva som er forholdet mellom dei ulike faktorane som kan inngå i ein kommunikasjonsprosess, er viktige verktøy i denne utforskinga.

Kva er ein kommunikasjonsmodell, og kva kan han brukast til?

Ein modell er ei forenkla framstilling av ein samanheng som ofte er mykje meir komplisert. Den er ofte ei visuell framstilling av ein teori. Alle modellar prøver å fortelje noko om røyndommen, men ingen fortel alt.

Det finst fleire kommunikasjonsmodellar som vektlegg ulike sider ved kommunikasjon. Det betyr at det ikkje er éin modell som er meir riktig enn andre, men at vi kan bruke ulike modellar for å forstå ulike aspekt av kommunikasjon. Her skal vi sjå nærare på den klassiske kommunikasjonsmodellen og prosessmodellen som byggjer vidare på denne. Dette er eit fint utgangspunkt når du skal utforske og beskrive kommunikasjon.

Den klassiske kommunikasjonsmodellen

Som vi kan sjå i modellen, så skjer kommunikasjon ved at avsendaren innkodar bodskapen sin i teikn eller melding, mottakaren avkodar teikna og får bodskapen. Denne modellen er veldig enkel, og ikkje tilstrekkeleg for å forklare mange kommunikasjonssituasjonar. For det første går kommunikasjonen berre éin veg her, og det er vel ikkje vanleg i ein samtale?

To personar og tre skilt med påskrifta: avsendar – bodskap – mottakar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prosessmodellen

Den klassiske modellen har danna utgangspunkt for det vi kallar prosessmodellen, som du ser visualisert her:

To menneske held ein plakat kvar der det står "Avsendar" og "mottakar". Mellom dei er tre boksar med teksten "koding", "kanal", "avkoding". Ordet "støy" over "kanal"-boksen og "tilbakemelding" med pil går frå mottakar til avsendar. Ilustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opphavet til namnet på modellen er det sterke fokuset på prosessen – korleis informasjonen flyt frå avsendar til den når mottakar. Opphavleg var prosessmodellen laga for å beskrive korleis meldingar vart overførte teknisk. Det er forskarane Shannon og Weaver som står bak modellen, og den vart først kjend i 1948 som ein matematisk kommunikasjonsteori.

Modellen blir brukt for å beskrive og analysere prosessen i ein kommunikasjonssituasjon. Kommunikasjon mellom menneske er veldig viktig, anten det dreier seg om personleg og mellommenneskeleg kommunikasjon eller mediekommunikasjon. Modellen eignar seg godt til å forstå når og kvifor kommunikasjon kan gå gale. Derfor er støy eit sentralt omgrep i modellen.

Sentrale omgrep i modellen

  • Avsendar:

    Avsendar er personen eller verksemda som sender meldinga. Dette kan vere læraren som forklarer deg noko, ein ven som sender deg ein SMS, eller ei bedrift som sender reklame på ein YouTube-video du ser på.

  • Koding:

    Dette handlar om korleis avsendaren vel å formidle meininga eller bodskapen dei vil gi mottakaren, på ein måte som mottakaren kan forstå.

  • Kanal:

    Kanalen er mediet eller personen du får informasjon frå, det kan til dømes vere ansikt til ansikt via stemma, skriftleg på SMS, via bilete, lyd eller handrørsler.

  • Avkoding:

    Dette handlar om korleis mottakaren forstår meininga eller bodskapen som kjem frå mottakar. Dette er ikkje alltid det same som meininga som avsendar meinte å sende, sidan mottakar bruker erfaringane og kunnskapane sine for å tolke meldinga når hen avkodar meldinga.

  • Mottakar:

    Mottakar er den som tek imot meldinga frå avsendar. I ein vanleg samtale byter partane heile tida på å vere mottakar og sendar.

  • Tilbakemelding:

    Ei tilbakemelding er responsen som meldinga utløyser hos mottakar. Kanskje mottakar ikkje forstår og ber deg gjenta, eller nikkar for å vise at hen er samd.

  • Støy:

    Dette handlar om alt som står i vegen for at meldingar når fram slik dei er meinte. Det kan vere støy i form av bakgrunnsmusikk som gjer ein telefonsamtale vanskeleg, dårleg nettverk som gjer at nettpraten "laggar", ei vanskeleg dialekt hos avsendar, eller ein distraherande uvane som avsendar har som gjer det vanskeleg å fokusere på bodskapen.


Tenk over / diskuter:

Kan du bruke prosessmodellen til å forklare kva som skjer når du ikkje får med deg ein beskjed frå læraren i klasserommet? Gi konkrete døme og vis til kva fasar i modellen dette handlar om.

Du kan lese meir utfyllande om heile kommunikasjonsprosessen med utgangspunkt i punkta i prosessmodellen her:

Relatert innhald

Kva betyr dei ulike omgrepa som inngår i prosessmodellen for kommunikasjon, og korleis kan vi bruke dei til å utforske personleg kommunikasjon?

Kjelde:

Dahl, Ø. (2001). Møter mellom mennesker: interkulturell kommunikasjon. Gyldendal.

CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Dahl og Caroline Nesbø Baker. Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 24.10.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon og relasjonsbygging