Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er god kommunikasjon på jobb?

Kva må du tenkje over når du skal kommunisere med andre i jobben du utdannar deg til?

Oppgåve

Del 1

I filmen over møter du representantar frå fire ulike yrke. Kva seier dei om god kommunikasjon på arbeidsplassen? Noter ned minst tre stikkord til kvar av dei.

Del 2

Kva er likt for alle yrka? Diskuter gjerne med ein medelev og del med resten av klassen.

Del 3

Svar på a) viss du utdannar deg til eit av yrka du møter i filmen.

Svar på b) viss du utdannar deg til eit anna yrke enn dei du møter i filmen.

  1. Vurder det personen seier om god kommunikasjon på jobb. Kva er du einig i? Er det nokon andre situasjonar personen burde ha nemnt? Lag ei liste med minst fem råd til god kommunikasjon i yrket ditt.
  2. Kva for nokre av momenta som blir nemnde i filmen vil òg gjelde i yrket du utdannar deg til? Lage ei liste med minst fem råd til god kommunikasjon i yrket ditt.
CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon og relasjonsbygging