Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva har du lært om kommunikasjon?

Du som skal jobbe i restaurant- og matfagbransjen, vil treffe mange ulike menneske kvar einaste arbeidsdag. Måten du kommuniserer på, er viktig for at du og kollegaene dine skal kunne dele tankar, kjensler og meiningar med kvarandre, og med gjester.
Teikning av fleire menneske på ein kafé. Til venstre i biletet er det ein mann med skulderveske og hendene i lomma. Han har lyseblå overdel, mørkeblå bukse og blå lue eller blått hår. Han står saman med to kvinner. Den eine har lyseblå bruka. Den andre har høg hestehale, blå, lang kåpe og lyseraudt skjørt. Ho har òg hendene i lomma. I framgrunnen jobbar ein ung mann med grøn t-skjorte og halvlangt hår på ein berbar PC. Midt i biletet sit ei kvinne i raud, kort kjole, med langt, bølgjete lyst hår og tek på leppestift framfor ein lommespegel. I bakgrunnen sit ein mann med lysebrun hatt og frakk og les avis ved eit kafébord. Ei kvinne med grønn kåpe og lilla handveske står og snakkar i mobiltelefon. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Teikn og forklar kva ein kommunikasjonsmodell er.

  2. Diskuter kva som kjenneteiknar ein sendar som er god til å formidle bodskapen sin.

  3. Kva er støy i denne samanhengen?

  4. Kva er eit kommunikasjonsmedium?

  5. Kva måtar å kommunisere på ser du i teikninga over?

  6. Kva er verbal kommunikasjon?

  7. Set opp ei liste med reglar for korleis du meiner ein yrkesutøvar innanfor eit av faga i restaurant- og matfagbransjen bør utøve verbal kommunikasjon.

  8. Kva er ikkje-verbal kommunikasjon?

  9. Tenk deg ein situasjon der du sjølv er sendar – til dømes på eit kjøkken der de skal planleggje eit stort selskap. Du er leiar. Korleis kan du sørgje for at det blir tovegskommunikasjon om til dømes fordeling av arbeidsoppgåver?

CC BY-SASkrive av Kjell Arne Standal og Guri Bente Håberg.
Sist fagleg oppdatert 25.10.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon og relasjonsbygging