Film og filmklipp
Kommunikasjon i servitøryrket
God kunnskap om mat og drikke er viktig når ein jobbar som servitør. Like viktig er det å kunne kommunisere på ein god måte med gjestane som kjem for å ete eller drikke.
Korleis synest de kommunikasjonen mellom servitøren og gjestane fungerte?
Kva seier gjestane om kva eigenskapar dei set pris på hos servitøren?
Kva slags kroppsspråk nyttar servitøren i filmen?
Kva slags kroppsspråk nyttar gjestane? Korleis kan ein servitør lese gjestane og tilpasse seg ulike typar gjestar?
Korleis kan evna servitøren har til å kommunisere påverke salet i ei bedrift? Drøft.
Relatert innhald
Fagstoff
ServitørEin god servitør er restauranten sitt ansikt overfor omverda, og det er viktig at du er omgjengeleg, flink til å kommunisere og initiativrik.