Hopp til innhald

Fagstoff

Fagspråk i yrkesfaga

Språket er eit viktig verktøy i dei fleste yrke. Akkurat som ein bakar bruker andre verktøy enn ein snikkar, har vi òg ord og uttrykk som er spesielt tilpassa dei enkelte fagområda og yrka.
Person spring mot naudutgangen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innanfor dei fleste arbeidsfelt er det viktig å ha eit presist og godt fagspråk for å unngå misforståingar som kan føre til uheldige eller farlege situasjonar. Det å ha eit presist språk for å snakke om det vi gjer på jobb, kan føre til betre samtalar om arbeidet. I tillegg kan fagspråket vere viktig i arbeidet med helse, miljø og sikkerheit (HMS). Viss dei tilsette ikkje forstår ord og uttrykk i tryggingsopplæringa på ein arbeidsplass, kan det fort skje ulykker.

Tenk over: Kva for nokre farlege eller uheldige situasjonar kan oppstå på grunn av manglande fagspråk i yrkesfeltet ditt?

Kva er fagspråk?

Når ein helsefagarbeidar skriv ein rapport etter ferdig arbeidsdag, eller når ein elektrikar dokumenterer ein ferdigstilt jobb, bruker dei fagspråk. Fagspråket er eit arbeidsreiskap for alle som jobbar i eit fagmiljø. Fagspråket stiller krav til standardisering og å vere eintydig, derfor bruker vi ofte andre omgrep enn dei vi kjenner frå kvardagsspråket.

Eintydig

At noko er eintydig, betyr at det ikkje skal vere tvil om kva du snakkar om når du bruker eit bestemt omgrep. Viss du som elektrikar-elev til dømes blir beden om å bruke eit multimeter, er det lettare å forstå enn om du blir beden om å bruke den dingsen som du måler straum med.

Standardisering

Standardisering handlar om at faguttrykka er dei same i eit fagfelt, uansett kva del av landet du jobbar i, eller kva arbeidsstad du høyrer til. Helsefagarbeidarar over heile landet må ha lik forståing av at eit kateter er eit røyr som blir ført inn i kroppen. Viss nokon i Harstad finn på eit anna ord for det same, blir det fort misforståingar.

Skriv ned eller snakk med ein medelev: Kva slags fagspråk har du møtt på innan yrket ditt, anten på skulen eller på jobb?

Fagspråk og allmennspråk

Allmennspråket er det språket vi bruker til dagleg. I dette kvardagsspråket er det meir rom for både å antyde og å vere tvitydig. Her bruker vi ofte ord som kan bli forstått på fleire måtar. I allmennspråket kan omgrep òg ha eit breiare innhald enn det har i fagspråket.

Unge vaksne i godt humør på fest. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag ei liste over omgrep frå yrkesfaget ditt. Er det nokon av desse som har ein litt anna tyding i kvardagsspråket? Forklar kvifor / kvifor ikkje.

Når skal du ikkje bruke fagspråk?

I samarbeid med andre fagarbeidarar på jobb er det viktig at du kjenner til og meistrar ulike faguttrykk. Du må likevel vere merksam på at fagspråk kan skape forvirring, misforståingar og utryggleik hos brukarar og kundar, og andre grupper som ikkje er fagpersonar.

Viss til dømes ein helsefagarbeidar bruker vanskeleg fagspråk, kan det få brukaren til å føle seg dum og mindreverdig. Slik er det i dei fleste yrke. Sjølv om du har mykje fagkunnskap, bør du ikkje opptre belærande i ein jobbsituasjon overfor andre grupper som ikkje har det. Då blir fagspråket noko som stengjer andre ute frå fellesskapet og frå moglegheita til å delta i samhandling på lik linje. Fagspråket blir i slike situasjonar eit maktspråk.

Fagspråk kan både skape samhald og ekskludere

Mange yrkesgrupper har utvikla ein eigen måte å snakke saman på på arbeidsplassen. Det å kunne bruke og forstå språket i ei gruppe kan forsterke kjensla av tilhøyrsle til gruppa. På denne måten kan vi seie at språk kan skape samhald.

Språk kan òg verke ekskluderande. Mange vanlege språkbrukarar kjenner seg lite heime i det fagspråket ekspertane bruker. Slike ekspertar kan vere politikarar, forskarar, folk som jobbar i kommune og stat, og næringslivstoppar. Når dei snakkar om viktige tema med fagspråket sitt, kan det ofte bli så komplisert at det er vanskeleg å forstå. Det kan føre til misforståingar, og det kan gjere det vanskeleg for vanlege folk å delta i samfunnsdebatten.

Tenk over og diskuter med ein medelev: Korleis kjennest det når andre brukar ord du ikkje forstår?

Jente som viser med kroppen at ho ikkje skjønar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eiga lov om klart språk på jobb


Kva skjer når brevet frå skulen er så vanskeleg å forstå at mottakaren ikkje får innfridd rettane sine, fordi hen ikkje forstår kva dei er?

Ekskluderande språkbruk er eit problem som Språkrådet arbeider for å kjempe mot. Eit lovforslag som dei har jobba med, vart nettopp vedteke i 2019. Lova krev at dei som jobbar i stat og kommune skal bruke klart språk som er tilpassa mottakaren. Lova er eit viktig signal om at vi må passe på å bruke klart språk i møte med andre menneske på jobb.

Kjelde

Språkrådet. (2019, 15. mars). Forslag til ny forvaltningslov. Henta frå https://www.sprakradet.no/klarsprak/aktuelt/2019/forslag-til-ny-forvaltningslov/

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker, Ragna Marie Tørdal, Lene Fossbråten, Wenche Heir og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 26.09.2019

Læringsressursar

Kommunikasjon og relasjonsbygging