Hopp til innhald

Fagstoff

Former for kommunikasjon

Du kommuniserer heile tida, anten det er medvite eller ikkje. Både orda du bruker, kroppsspråket ditt og signala du sender, blir tolka av menneska du møter. Du kan bli forstått eller misforstått. For deg som vil jobbe i servicenæringa, er kunnskap om kommunikasjon svært viktig.

Kva er kommunikasjon?

Kommunikasjon er kontakt og utveksling av informasjon – til dømes ved personleg kontakt, i samband med marknadsføring og sal eller i møte med kundar og gjestar.

For å få til god kommunikasjon må vi samarbeide. I kommunikasjon mellom menneske er det alltid ein avsendar og ein mottakar. Når vi skal studere korleis vi forstår og misforstår kvarandre, må vi òg sjå på andre forhold som påverkar kommunikasjonen.

Kommunikasjon med og utan ord

Når vi bruker ord for å uttrykkje oss, snakkar vi om verbal kommunikasjon. Men også blikk, ansiktsuttrykk og rørsler kan tale. Kroppsspråket vårt er eit døme på ikkje-verbal kommunikasjon, altså kommunikasjon ved hjelp av andre teikn og signal enn ord.

Kroppsspråket røper kva vi føler og tenkjer. Det kan understreke kva vi seier med ord, eller det kan avsløre at vi kanskje ikkje er heilt ærlege. Eit «Hyggjeleg å helse på deg!» blir lite truverdig dersom handtrykket vårt er slapt og blikkontakten og merksemda vår er fråverande. Når ord og kroppsspråk ikkje stemmer overeins, snakkar vi om dobbeltkommunikasjon.

Einvegs- og tovegskommunikasjon

Når vi fortel eller skriv noko, ønskjer vi oss ein reaksjon frå mottakaren. Svaret vi får, kallar vi for tilbakemelding eller respons. I samtalar og diskusjonar får vi personleg og direkte tilbakemelding. Då snakkar vi om tovegskommunikasjon.

Det er ikkje alltid mogleg med direkte kontakt mellom sendar og mottakar. Når eit kleskonsern gjennomfører ein reklamekampanje, veit sendaren ikkje korleis kvar enkelt mottakar reagerer på kampanjen. Dersom salet aukar i etterkant av kampanjen, kan sendaren sjølvsagt slutte seg til at bodskapen har nådd fram, men denne tilbakemeldinga er ikkje direkte. Når det ikkje finst nokon direkte, personleg kontakt mellom sendaren og mottakaren, snakkar vi om einvegskommunikasjon.

Kommunikasjon med og utan medium

I ein samtale ansikt til ansikt treng vi ikkje noko medium for å formidle bodskapen vår. Vi seier at denne typen samtale ikkje er mediert. Motsett snakkar vi om mediert kommunikasjon i dei tilfella der vi bruker medium for å kommunisere, frå tradisjonelle massemedium som bøker, plakatar, tv og radio til moderne sosiale medium som Facebook, Instagram og YouTube. Medievalet avgjer kor mange som kan delta i kommunikasjonen, og kva roller dei enkelte deltakarane kan ha.

CC BY-SASkrive av Marion Federl, Øyvind Dahl og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 01.04.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon og relasjonsbygging