Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Rollespel i kommunikasjon

Rollespel er ein god måte å førebu seg til arbeidssituasjonar på. Rollespel kan auke kommunikasjonsferdigheitene dine og gjere deg betre førebudd til verkelege situasjonar.
Ikon for teater som viser to ansiktsmasker, ei smilande og ei sur. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Klassen blir delt i fire grupper som får kvar si situasjonsskildring å jobbe med. Kvar gruppe skal lage to rollespel, både A og B. Byt gjerne på rollene som gjest/kunde og tilsett. I begge oppgåvene er det viktig at alle tek oppgåva seriøst.

Skriv først dialogen mellom medarbeidaren og kunden. Framfør deretter dialogen som rollespel for klassen.

Dei andre elevane kommenterer rollespelet. Korleis var kommunikasjonen i dei to alternativa A og B?

Situasjonsskildring 1: Usikker kunde treng hjelp og rettleiing

Ein ung mann skal handle inn råvarer frå ferskvareavdelinga til ein romantisk middag. Han er veldig usikker på kva han skal velje, og korleis han skal lage middagen. Kunden treng hjelp og rettleiing.

A) Lag eit rollespel der ferskvarehandlaren ikkje klarer å lese signala til kunden og derfor ikkje klarer å gi han hjelp og rettleiing. Uvissa til kunden gjer at han til slutt vel å forlate ferskvareavdelinga utan å handle.

B) Lag eit rollespel der den tilsette raskt ser at kunden er usikker og tilbyr hjelp og rettleiing som fører til kjøp.

Situasjonsskildring 2: Krevjande gjest på restauranten

Ein krevjande gjest med mykje kunnskap om mat og drikke vil bestille frå menyen og har mange spørsmål.

A) Lag eit rollespel der gjesten ikkje får ordentlege svar på spørsmåla sine, og der vedkomande sit igjen med eit dårleg inntrykk av restauranten.

B) Lag eit rollespel der gjesten blir møtt med god kunnskap på alle spørsmåla sine og får rettleiing i val av mat og drikke.

Situasjonsskildring 3: Misnøgd kunde på bakeriet

Ein kunde på bakeriet skal hente ei kake ho har bestilt til 50-årsdagen til mannen hennar, men ho er ikkje fornøgd med storleiken på kaka. Ho meiner at kaka er altfor lita til at alle gjestene skal kunne få eit stykke kvar. I tillegg meiner ho at kaka ikkje er pynta slik ho ønskte.

A) Lag eit rollespel der du avviser innvendingane til kunden, insisterer på at kaka er slik ho har bestilt, tek betaling og seier farvel.

B) Lag eit rollespel der innvendingane til kunden blir handterte på ein god måte, og der kunden betaler med ei fornøgd mine.

Situasjonsskildring 4: Dårleg utval på menyen

Ein gjest i ei kantine har bede om å få snakke med kjøkkensjefen. Gjesten klagar på at menyen inneheld altfor få vegetariske alternativ, og altfor mange retter med raudt kjøt. Personen meiner at kantina må ta meir ansvar for å tilby ein berekraftig meny.

A) Lag eit rollespel der innspelet til gjesten blir avvist.

B) Lag eit rollespel der innspelet til gjesten blir teke imot og takka for.

CC BY-SASkrive av Jannike Gausdal.
Sist fagleg oppdatert 29.10.2021

Læringsressursar

Kommunikasjon og relasjonsbygging