Hopp til innhald

Fagstoff

Gode relasjonar til kollegaer

Eit godt forhold til kollegaer aukar moglegheita for å lykkast på jobben. Korleis kan du lære å forstå relasjonar mellom medarbeidarar, og kva kan påverke relasjonane?
Fire personar gir kvarandre ein high five over arbeidsbordet. Foto.

Før du les, tenk etter:

  • Korleis viser du at du liker kollegaene dine og vil få til eit godt samarbeid?
  • Kva treng du sjølv å gjere meir av for å styrkje forholdet til kollegaer?
  • Kva får deg til å bli sur eller sint på kollegaer?
  • Kva gjer du når du får til eit godt samarbeid med kollegaene dine?

Tillit

Tillit er viktig i alle relasjonar. Viss kollegaene dine får tillit til deg, vil moglegheita for å lykkast i jobben auke. Sjansen for at du vinn tilliten frå leiaren og kollegaene dine, aukar når det er samsvar mellom det du seier, og det du gjer. Du kan vinne tillit frå kollegaene dine gjennom å ha fagleg truverd, kjenne fagområdet til bedrifta og klare å sjå dei andre sine behov.

Slike kjenneteikn gjer at kollegaene dine slappar av og får ei oppleving av at du er serviceinnstilt og ønskjer at dei skal bli fornøgde. Når du tek deg nok tid til å lytte til kva kollegaer spør etter, vil dei oppleve møtet mellom dykk som godt. Når dette blir eit kjenneteikn på deg, vil dei du er saman med på jobben, oppleve deg som trygg og gi deg tillit.

Relasjonsforståing

Det finst mange forskjellige måtar å lykkast på som medarbeidar. Uansett kva kvalitetar som kjenneteiknar deg, kan du lykkast i jobben. Vær samtidig klar over at det kan vere sider ved måten du oppfører deg på, som kan stå i vegen for gode relasjonar på jobb, spesielt i møte med kollegaer som er veldig forskjellig frå deg. Dette kan du lære å handsame gjennom å bli kjent med deg sjølv og fallgruvene dine.

Korleis kan du best utvikle deg som medarbeidar?

For å bli ein god medarbeidar kan det vere ein idé at du tenkjer gjennom kva som skjedde då du samarbeidde med leiaren din og kollegaene dine. Kva var det heilt konkret som skjedde? Kven var denne kollegaen? Kva kjenneteikn kunne du sjå og høyre? Møtte du kollegaen på ein måte som var god for han eller ho?

Du kan også be ein leiar eller ein kollega observere deg. Be om tilbakemelding på korleis dei opplevde deg. Det er mykje lettare å ta imot forslag til forbetringar når du har bede om det sjølv, og vi lærer fortare når vi undersøkjer kva vi kunne gjort betre.

Korleis kan du forbetre relasjonskompetansen din?

Ein måte å auke relasjonskompetansen din på er å undersøkje korleis kvaliteten på ulike relasjonar på jobben er forskjellig. Du kan prøve å bruke ulike ord som karakteriserer forskjellane på kollegaene dine. Når du blir bevisst på korleis dei du jobbar samen, er ulike, er det lettare å møte kvar enkelt. Handlingane dine avgjer korleis relasjonane til kollegaene dine blir.

Nokon har alltid eit varmt smil om munnen og auge glitrar, mens andre er meir alvorlege og tenksame og ikkje så opne. Den som smiler, vil gjerne bli møtt med eit smil, og den som er alvorleg, vil kanskje bli møtt med alvor. Ein som alltid har ein spøk på lur, vil gjerne ha det gøy med deg, mens ein som er oppteken av effektivitet, vil kanskje redusere mengda småprat og kome raskt til handling.

Det er ikkje alltid like lett å sjå seg sjølv og heilt vite om vi er gode på å byggje relasjonar eller ikkje. Vi har ulike behov og det sosiale fellesskap med kollegaer betyr ikkje like mykje for alle. Samtidig er det slik at dei teama som arbeider best, er dei som kommuniserer godt om arbeidsoppgåvene, og som gir kvarandre tilbakemeldingar for å stadig bli betre.

Det å vere kompetent på relasjonar kan handle om å vite kor tett du skal gå på kollegaen din, og når du skal halde større avstand. Det å vite kva du skal seie eller gjere når du møter ein kollega, er starten på å bli god på relasjonsbygging.

Ordforklaringar

Observere: Sjå nøye etter, følgje med på noko.

Perfeksjonist: Ein person som ønskjer å gjere alle ting heilt riktig/perfekt.

Relasjonar: Tilhøva mellom menneske.

Seriøs: Alvorleg, ordentleg.

Tillit: Andre menneske trur på at du vil det beste for dei, og at du klarer oppgåvene dine.



CC BY-SASkrive av Kristin Aase og Bente Elisabeth Vetland.
Sist fagleg oppdatert 12.12.2019

Læringsressursar

Kommunikasjon og relasjonsbygging