Hopp til innhald

Fagstoff

Relasjonsbygging

Når du utviklar gode relasjonar til kundar og kollegaer, skaper du vekst for bedrifta. Målet er å skape langvarige relasjonar. Relasjonar handlar om tillit, ærlegdom og gjensidig respekt. Det du leverer, må stå til forventningane – og helst overgå dei.

Vippa og relasjonar

I filmen høyrer de Kaja seie at relasjonar òg handlar om inkludering. Inkludering betyr å gi alle ein reell sjanse til å delta i faglege og sosiale miljø, både privat, på skule og på jobb. Ved å vere inkluderande kan vi skape relasjonar som vi kan bygge vidare på.

Kunderelasjonar

Å ha ein relasjon til andre betyr at ein har eit samband, eit forhold og/eller ei oppleving av at ein høyrer saman. Relasjonsbygging handlar om å skape desse sambanda – å bygge forhold og ei kjensle av å høyre saman. Gode relasjonar er bra for oss alle – vi gjer kvarandre betre. Dette gjeld både privat og overfor kundar. Her skal vi konsentrere oss om relasjonsbygging overfor kundar.

Kvifor er gode kunderelasjonar viktig?

Kundane er fundamentet for heile verksemda. Dei er grunnen til at du har ein jobb! Hugs at kundar ikkje alltid berre tenker på pris når dei vel kvar dei skal handle. Å skape trivsel og opplevingar som kunden hugsar, er ein viktig faktor i å bygge og behalde gode kunderelasjonar.

Kundar får servering på ein kafé. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

10 råd for å skape og halde på gode kunderelasjonar

  1. Ha ei positiv haldning: Vi er ikkje i stand til å kontrollere alle hendingar i livet vårt, men vi kan ofte velje korleis vi reagerer. Du bestemmer korleis folk oppfattar deg, og om du er i eit godt eller dårleg humør.
  2. Vis interesse for kunden: Du må behandle kvar kunde som om hen har den høgaste prioriteten din. Vis genuin interesse for det mennesket du har kontakt med, og hugs at dei kjøper deg meir enn dei kjøper produktet ditt. Viss du bruker meir tid på å tenke på kunden, og mindre tid på kva du skal selje, vil resultatet bli langt betre til slutt.

  3. Legg vekt på behovet til kunden: Prøv alltid å tilføre kunden verdi når det er mogleg. Sjå etter produkt og tenester som hjelper kunden med å tene pengar, kutte kostnader og lette kvardagen deira. Viss du skal tilby noko, er det viktig å knyte det til noko kunden har fortalt at han eller ho har behov for.

  4. Gi alltid alternativ: Ingen menneske liker å bli dikterte – dei ønsker å gjere valet sjølv. Denne moglegheita må du gi dei.
  5. Vel orda dine med omhug: Unngå kritiske eller fordømmande kommentarar. Rettlei kunden i den retninga du ønsker, og bruk kompetansen din til å sørge for at kunden handlar rett. Det vil gi deg dei resultata du ønsker.
  6. Ver alltid ærleg: Ikkje finn på svar berre for å redde ansikt. Viss det er noko du ikkje kan, finn ut av det og kom tilbake til kunden med det rette svaret.
  7. Løys problem raskt: Lytt til problema og klagene til kunden og la han eller ho få tømme seg, uansett om det kjennest rettferdig eller ikkje. Løys problemet uansett kostnad. På denne måten har du ein kunde for livet.
  8. Hald det du lovar: Lov aldri meir enn det du kan halde. Har du sagt at du skal gjere noko, så gjer det. Ingenting er verre enn brotne løfte.
  9. Gjer meir enn forventa: Prøv alltid å overgå forventningane til kunden. Gjer ting som verken er nødvendig eller forventa. Dette vil skilje deg ut frå konkurrentane dine.
  10. Vis at du er takknemleg for valet til kunden: Ver personleg med kunden. Vis at du set pris på hans eller hennar val, både av produkt og tenester. Mest av alt er det viktig å vise at du er takknemleg for at kunden valde å handle hos akkurat deg.
Kjelde

ASD Sales Development (2020, 1. april). 10 råd for å skape gode kunderelasjoner. https://www.espenhellman.no/10-rad-for-a-skape-gode-kunderelasjoner/

CC BY-SASkrive av Espen Hellmann og Cathrine Meyer Johansen. Rettshavar: ASD Salesdevelopment.no
Sist fagleg oppdatert 31.03.2020

Læringsressursar

Kommunikasjon og relasjonsbygging