Hopp til innhald

Fagstoff

Kommunikasjonsprosessen

Kva betyr dei ulike omgrepa som inngår i prosessmodellen for kommunikasjon, og korleis kan vi bruke dei til å utforske personleg kommunikasjon?
Ei jente kviskrar noko i øyret til ei anna jente. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Prosessmodellen for kommunikasjon prøver å synleggjere alle faktorane som inngår i ein kommunikasjonsprosess. Du kan lese om denne modellen i artikkelen under. Modellen bruker omgrepa sendar, innkoding, kanal, støy, avkoding, tilbakemelding og mottakar for å forklare korleis kommunikasjon går føre seg. Kva handlar desse omgrepa om, og korleis kan vi bruke dei til å utforske eigen og andre sin personlege kommunikasjon?

Relatert innhald

Kva er det som eigentleg skjer når vi kommuniserer med kvarandre? Ulike kommunikasjonsmodellar kan hjelpe oss å forstå.

Avsendaren innkodar meining

Avsendar er den som sender meldinga. Avsendaren kan òg kallast sendar, kjelde eller kommunikator. For å sende meldinga, må sendar innkode det dei ønskjer å formidle i eit teikn eller ei melding som blir sendt. Det du ønskjer å formidle, kallar vi di intenderte meining. Uttrykket kan vere verbalt, anten munnleg eller skriftleg, eller ikkje-verbalt, gjennom gestar og kroppsspråk.

Korleis du kodar meldinga, vil ofte vere avhengig av situasjonen. Kommuniserer du ansikt til ansikt, eller er mottakaren ein annan stad? Kan mottakaren høyre eller sjå deg? Kva er relasjonen din til vedkomande? Dette er nokre av faktorane som påverkar korleis du kodar meldinga di.

Formålet med kodinga er altså å finne ein måte å uttrykkje tankane og meiningane dine på, slik at mottakaren forstår deg. Du har ein intensjon, og vi kallar teikna du ender opp med å bruke for intenderte teikn.

Eit døme:

Tenk deg at du skal formidle til venen din at du ikkje vil vere med på kino. Du kodar med tanke på at venen din skal forstå at du ikkje vil vere med, og avhengig av relasjonen de har, korleis du ønskjer og trur at dei vil oppleve eller reagere på meldinga.

Du kan skrive eller seie ifrå om at du ikkje vil på kino, du kan riste på hovudet eller la vere å svare på kino-invitasjonen. Du kan ta eit bilete av deg sjølv godt planta i ein komfortabel sofa med teppe og ei skål med snacks, for å formidle at du ikkje ønskjer å forlate sofakroken for å gå på kino. Kva trur du fungerer best?

Tenk over / diskuter:

Kor mykje tanke legg du vanlegvis i korleis du utformar ein beskjed til ein ven? Kva slags vurderingar pleier du å gjere?

Mottakaren avkodar meining

Mottakar, eller respondenten, er den som får meldinga. Mottakar vil oftast prøve å forstå kva meldinga inneber. Det gjer mottakaren ved å avkode (fortolke) det teiknet eller den meldinga vedkomande får.

Avkoding er forsøket til mottakaren på å tilskrive motteke teikn eller melding ei meining ut frå ståstaden sin. For å gi meining til teiknet eller meldinga, brukar hen den tidlegare erfaringa si, språk og omgivnadene for kommunikasjonen, også kalla situasjonskonteksten. Når det er fleire mottakarar av ei melding, er det ikkje sikkert at dei ulike mottakarane avkodar meldinga heilt likt, fordi dei tolkar meininga frå ulike ståstader.

Konteksten for kommunikasjonen avgjer ofte korleis mottakar avkodar meining. Vi kan seie at kommunikasjon alltid inngår i ein samanheng som bidreg til korleis meining blir innkoda og avkoda. Den intenderte meininga du ønskte å innkode i meldinga, er altså ikkje alltid det same som den mottekne meininga.

Eit døme:

Personen som har bede deg med på kino, har erfart at du tidlegare har likt å sjå film, men går i same klasse som deg og veit at det har vore utruleg mykje å gjere i det siste, og forstår at du er sliten og treng å slappe av i sofaen. De har då ei felles forståingsramme, som gjer at di intenderte meining er tett på den mottekne meininga. Ein annan ven, som ikkje går i klassen din, og dermed ikkje veit at du er sliten, tolkar meldinga di som at du ikkje har lyst til å vere saman med hen. Erfaringa og forkunnskapen til mottakar er ein del av konteksten for å forstå denne meldinga.

Tenk over / diskuter:

Har du nokon gong opplevd at mottakaren har avkoda meininga i ei melding du har sendt på ein heilt annan måte enn den du meinte å innkode? Kvifor skjedde det, trur du?

Fire ungdommar ropar til kvarandre i kvar sin megafon. Fotocollage.

Kanalen og støy påverkar kommunikasjonen

Når ei melding skal kodast, må avsendar tenkje over kva kanal som skal brukast for å formidle han, og kva som kan forstyrre kommunikasjonen.

Ein kanal er det som formidlar meldinga og som gjer at ho når mottakaren. Kanalen kan vere organisk (gjennom sanseorgana våre: øyre, auge, hud, tunge, nase) fysisk (brevpapir, smarttelefonen, mediekanalar), og kanalar kan vere direkte (ansikt til ansikt) eller indirekte (med mellomledd, tolk, radio, bilete).

Støy er forstyrrande element i kommunikasjonen. I kommunikasjonsteori blir ordet støy brukt ikkje berre om lyd, men òg om andre element som kan påverke prosessen. Støy har ofte med kanalen å gjere, og val av kanal kan påverke korleis meldinga blir avkoda. Til dømes kan "lagging" og ekko på lyden forstyrre ein video-samtale. Språk som ikkje gir meining, er òg ein type støy som kan forstyrre kommunikasjonen. Det forstyrrar kommunikasjonen viss den du snakkar med bruker ei dialekt du ikkje forstår eller eit altfor avansert fagspråk. Støyen kan òg vere mental, viss du til dømes ser ei vorte på haka til den andre som du ikkje klarer å la vere å stire på.

Eit døme:

Viss venen din spør om du vil gå på kino mens de sit i klasserommet samtidig som læraren underviser, bidreg situasjonen til støy som påverkar kommunikasjonen mellom dykk slik at du ikkje får gitt svaret ditt på spørsmålet. Viss du då vel å sende svaret ditt som ei tekstmelding i staden, er moglegheita større for at meldinga blir motteken og avkoda.

Tilbakemelding og forhandling

Tilbakemelding er respons frå mottakaren på den mottekne meldinga, som skjer med ein gong. Når mottakar gir respons, blir hen avsendar, og avsendaren blir mottakar. Responsen er òg eit teikn som må avkodast av mottakaren. I ein samtale vil det gjerne veksle fram og tilbake, som tovegskommunikasjon. Kommunikasjonsprosessen handlar om å finne ut kva det er samtalepartnaren eigentleg meiner, og begge partane er aktive i denne prosessen. Tilbakemeldingar som nikking, å seie "hæ" og det å gjenta det den andre parten har sagt, er strategiar vi bruker for å sikre at vi forstår kvarandre.

Dette er òg ein sosial prosess, der det ikkje berre er forståinga til partane av ei melding som avgjer kor god kommunikasjonen blir, men også sosiale faktorar som relasjonar, makt, røyndomsbilete, kultur og roller. Vi ser at meininga i kommunikasjonen blir gjort til noko dei har felles, og som blir til i samarbeid mellom sendar og mottakar. Vi kan kalle denne meiningsskapande prosessen ei forhandling om meining.

Eit døme:

Viss du ikkje høyrer kva venen din seier om å gå på kino på grunn av bråk i klasserommet, kan du gi tilbakemelding om dette: "kva sa du?" Då blir du avsendar, og hen blir mottakar. Det er dei same prosessane som skjer: koding og avkoding av teikn og meldingar. De vil antakeleg halde fram med å veksle heilt til du har forstått at du blir invitert på kino, og mottakaren har forstått at du ikkje vil dra på kino.

Tenk over / diskuter:

Har du fleire døme på visuell støy, der noko du ser, forstyrrar kommunikasjonen?

Korleis kjennest det å snakke til nokon når du verken ser eller høyrer dei, og ikkje kan få respons på at dei forstår deg?

Kan du bruke omgrepa frå artikkelen til å utforske kva som skjedde ein gong kommunikasjonen mellom deg og nokon andre ikkje fungerte så godt?

Kjelde:

Svennevig, J. (2020). Språklig samhandling (3. utg). Cappelen Damm akademisk.

CC BY-SASkrive av Eirik Befring, Marthe Johanne Moe og Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 03.12.2020

Læringsressursar

Kommunikasjonsteori