Utforsk og vurder salskanalar og salsmiljø hos Europris
Gjer greie for kva betydning utforminga av ei nettside og bruk av ulike rabattordningar kan ha for sal, meirsal og gjensal.
Utforsk Europris si nettside.
Beskriv ulike tiltak som Europris har gjort på nettsida si, som du meiner kan fremje sal, meirsal og gjensal.
Trur du at Europris lykkast med å fremje sal, meirsal og gjensal på nettsida si? Kvifor / kvifor ikkje?
I videoen nedanfor besøkjer Nina Vogt, høgskulelektor ved Handelshøyskolen BI, ein Europris-butikk. Ho fortel om prinsipp i marknadsføring og ulike tiltak i salskanalar som kan fremje sal, meirsal og gjensal. I videoen møter vi òg Frank Pettersen, som er butikksjef i Europris.
Sjå videoen, og skriv ned tipsa Nina kjem med.
Besøk gjerne ein Europris-butikk dersom du har moglegheita til det. Viss ikkje kan du ta utgangspunkt i det du hugsar frå eit tidlegare besøk, og det du ser i videoen ovanfor, for å svare på oppgåva under.
Ta utgangspunkt i salsmiljøet i ein fysisk Europris-butikk.
Beskriv det indre og ytre salsmiljøet.
Trur du Europris lykkast med å fremje sal, meirsal og gjensal i dei fysiske butikkane sine? Kvifor / kvifor ikkje?