Hyller som verkemiddel
Dei to hovudtypane av verkemiddel som finst, er hyller (reolar) og salspunkt (aktivitetsplassar). Her tek vi for oss hyller (reolar). Eit salspunkt er stader i butikklokalet der varene får særleg merksemd (ikkje i reolar på tradisjonelt vis).
Reglar for plassering i hyller
- Først inn – først ut: Dei gamle varene skal seljast først, slik at dei ikkje går ut på dato. Det vil seie at når du fyller på i hyllene, skal du plasserer dei nye varene lengst bak i hyllene.
- Heile og friske: Alt skal sjå bra ut. Fjern det som er gammalt, øydelagt eller opna.
Fyll opp framkanten av hyllene. Varene skal alltid plasserast i framkant av hyllene slik at det ikkje ser ut som vi er fri for varer.
Ha alltid fleire varer i breidda. Fleire varer i breidda aukar salshøva. Er det utselt for ei vare, fyller du opp med andre varer. Strategisk plassering: Varer som ein ønskjer skal få mest merksemd, bør plasserast i synshøgd (sjå-og-ta-høgd). Dei varene du ønskjer at kunden skal få auge på, bør du derfor plassere i sjå-og-ta-høgd. Dette er ein fin plass for impulsvarer!
Trur du leverandørane tek seg godt betalt for god vareplassering? Sjå kva FBI (Forbrukerinspektørene) seier og vurder sjølv!
Prismerking
Prismerking er eit verkemiddel som har stor effekt, og det blir derfor brukt aktivt også i varepresentasjonen. Hyllepratarar og stopparar er to ulike typar prismerking. Ein hyllepratar er eit lite skilt som blir sett i hylla. På hylleprataren står det pris og annan informasjon som innhald og liknande. Stopparen blir også festa i hylla, men han går vinkelrett ut frå hylla. Teksten er på begge sider av skiltet, og vi ser han framfor oss når vi passerer reolen. Stopparar blir gjerne brukte med tekstar som «tilbod», «nyhende» eller liknande.