Filmklipp
Tiltak for å fremje sal, meirsal og gjensal
Ulike tiltak i salskanalane kan bidra til å fremje sal, meirsal og gjensal. For både fysiske og digitale butikkar er salsmiljøet ein viktig faktor. I filmen forklarer Nina Vogt, høgskulelektor ved Handelshøyskolen BI, relevante marknadsføringsprinsipp.
Tenk over
Tenk på nokre av dei siste tinga du kjøpte i ein fysisk butikk.
Korleis var vareplasseringa?
Påverka vareplasseringa kjøpsvala dine?
Er det overraskande at mjølkesjokoladesalet går opp med 60 prosent dersom sjokoladen blir plassert vertikalt i staden for horisontalt?
Korleis er sjokoladen plassert i daglegvarebutikken du pleier å handle i?
Korleis er butikkuttrykket, eller det indre og ytre salsmiljøet, i favorittbutikken din?