Salspunkt som verkemiddel
Kasseområdet er viktig av to årsaker. For det første hamnar alle kundar før eller seinare i dette området (dei skal jo betale), og for det andre står dei her ei stund og ventar på tur. Kundane har god tid til å sjå seg rundt, og dette er derfor ein fin plass for impulsvarer.
Tenk over
Kva varer står i kasseområdet i butikken der du handlar?
Hyllegavlane: På handlerunden i butikken møter kundane heile tida først kortsidene på reolane (gavlane). Denne plassen kan derfor reserverast for tilbodsprodukt eller nye produkt som treng ekstra merksemd.
Salstorget er eit samlingspunkt i butikken. Her plasserer vi varer som tilhøyrer same gruppe eller familie, og dei blir her masseeksponerte og presenterte på ein meir kreativ måte.
Sjokkseljarar er boksar av plast eller papp som blir plasserte på golvet med varer i. Dei bruker å ha ulike trykk med bodskapen til produktet, pris og liknande.
Vi har også nokre ikkje fullt så viktige salspunkt, til dømes salskorger (korger på stativ), styrtkonteinarar (eit slags stativ med korger, hyller og knaggar som ein kan feste salsplakatar til) og gondolar (spesialutvikla hyller). I ein del butikkar blir det også sett ut heile pallar. Pallesal er eit kjent omgrep!
Då er det berre å setje i gang med å utforme det ytre og indre salsmiljøet! Tidene forandrar seg – i dag har kundane det travelt, og driv du i daglegvarebransjen, er det lurt å hugse at kundane ikkje alltid veit kva dei skal ha. Kom derfor med tips til middag (og handleliste som høyrer med) og form butikken slik at kundane blir påminte om alt det dei ikkje hadde skrive på handlelista. Med ein mobilapp kan du nå skanne varene sjølv, betale på mobilen og gå forbi heile kassakøen.