Arbeidsoppdrag
Evaluering av ytre og indre salsmiljø
I denne oppgåva skal de vurdere det ytre og indre salsmiljøet til ein butikk i nærmiljøet.
Gå saman i grupper. Lag ein tabell med fem kolonnar. I første kolonnen plasserer de dei ulike elementa i det indre og ytre salsmiljøet. I kolonne 2, 3 og 4 skriv de «godt», «greitt» og «dårleg». I kolonne 5 set de av plass til å kommentere tiltak og så vidare. De kan bruke tabellen vi har laga nedanfor.
Alle i gruppa tek med seg kvart sitt vurderingsskjema og går på besøk i den same butikken. Alle fyller ut kvart sitt skjema. Når de kjem tilbake på skulen, samanliknar de svara. Er de samde? Dersom de har svart forskjellig, må de finne ut kvifor de har ulike svar.
Her ser de eit påbegynt eksempel på eit evalueringsskjema.
Salsmiljø | Godt | Greitt nok | Dårleg | Tiltak |
---|---|---|---|---|
Stad, plassering |
|
|
|
|
Fasade |
|
|
|
|
Inngangsparti |
|
|
|
|
Anna? |
|
|
|
|