Hopp til innhald
Fagartikkel

Bruk av fleire salskanalar

Sals- og reiselivsbedrifter nyttar sjeldan berre éin salskanal. For å maksimere salet bør bedriftene vere til stades i mange ulike digitale salskanalar, i tillegg til dei meir tradisjonelle.

Fleire salskanalar samtidig

Mange sals- og reiselivsbedrifter sel produkta sine både på internett og gjennom tradisjonelle salskanalar som katalogar, telefon, e-post, eige salslokale og gjennom forhandlarar. Ved å bruke mange salskanalar har bedriftene fleire moglegheiter til å kome i kontakt med kundar og kan dermed nå ein større marknad. Men det kan vere utfordrande å finne den rette kombinasjonen av salskanalar som treffer målgruppa.

Fordelar med å bruke fleire kanalar

Når kundar skaffar seg informasjon på nettet, kan dei samanlikne prisar og service hos ulike leverandørar. Bedrifter som har både fysisk utsalsstad og nettstad har nokre fordelar:

  • Nettstaden kan verke som ei forlenging av det fysiske salslokalet. Dette kan auke tilliten kundane har til bedrifta, sidan ho tilbyr mykje informasjon om produkta.
  • Nettstaden forenklar kjøpet for folk med lita tid eller lang veg til utsalsstaden.
  • Dei ulike salskanalane utfyller kvarandre, til dømes ved at råd og service blir gitt over telefonen, mens sjølvet kjøpet og betalinga skjer over nettet.
  • Bedrifta når fleire forbrukarar på deira , sidan ulike kundar føretrekkjer ulike salskanalar.
  • Ved å kombinere kanalar kan bedrifta lettare følgje opp kundar etter eit kjøp, og på den måten skape gjensal.

Telefon og nett har vore ein vanleg kombinasjon. Telefonen er spesielt nyttig for kundar som er ute etter råd og rettleiing. I dag har chat til ei viss grad erstatta telefon.

Tenk over

Korleis kan vi leggje til rette for kundelojalitet gjennom bruk av fleire salskanalar?