Hopp til innhald
Fagartikkel

Butikkinnreiinga

Når vi skal innreie eit salslokale, er det mange omsyn å ta. Det skal vere enkelt for kundane å finne fram, varene skal eksponerast på ein god måte, og varer som høyrer saman, skal plasserast i nærleiken av kvarandre.

Tre viktige omsyn i innreiinga av ein butikk

Når det gjeld innreiing av ein butikk, er det tre viktige omsyn å ta:

  • det må vere praktisk
  • varene skal eksponerast
  • varene skal harmonisere

Praktiske omsyn

Det skal vere praktisk for kundane å finne fram i butikken. Hyllene og varene må plasserast og merkjast godt så kundane finn fram. I tillegg må det vere god nok plass til handlevognene mellom hyllene.

Eksponering

Når kundane først er i butikken, må dei bli eksponerte for så mange varer som mogleg. Undersøkingar viser at kundane berre har planlagt 30 prosent av varene dei endar opp med å kjøpe. Dei 70 prosentane som står att, har dei bestemt seg for å kjøpe medan dei er i butikken.

Har du vore på IKEA og sett den merkte løypa frå inngang til utgang? For å få til ei maksimal eksponering av varene har IKEA laga ei merkt løype gjennom heile butikken frå inngangen og fram til kassene.

Varme soner

Når vi innreier butikken, må vi ta omsyn til at ikkje alle sonene i butikken gir like god eksponering for varene. Den beste sona er der dei fleste kundane oppheld seg. Det kan til dømes vere ved kassa. Desse sonene kallar vi dei varme sonene. Her bør dermed impulsvarer og vinnarar plasserast. Varene må få tildelt den salsplassen som passar i høve til kor store dei er, og kor stor del av salet dei står for.

Harmonisering

Vi harmoniserer varene ved å plassere dei saman med dei varene som tilhøyrer same gruppa. Det blir då lettare for kunden å finne varer som høyrer saman, samtidig som kundane får ei påminning om at dei kan kjøpe varer som tilhøyrer same gruppa.

Varer som utfyller kvarandre, kallar vi komplementære varer (ski og stavar), medan varer som tilhøyrer same familien, men som erstattar kvarandre, kallar vi substitutt (oppvaskmidla Zalo og Sun Light, til dømes).