Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Frå celle til blomster

I dette forsøket skal du sjå nærare på korleis planteorgan samarbeider gjennom ulike vevstypar om å ha ein bestemt funksjon i planten.
Nærbilete av blad med leidningsvev ("bladnervar"). Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Ein plante med utsnitt av stengelen. Utsnittet viser organiseringa av dei ulike vevstypane i stengelen, med leidningsvevet organisert i små sirklar langs kanten. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnsinformasjon

Til liks med dyr er plantar fleircella organismar der cellene samarbeider i ulike vev, organ og organsystem som saman driv alle livsprosessane i planten.

Leidningsvevet hos plantar er spesialisert på transport av vatn og næringsstoff. Hos dekkfrøa plantar er leidningsvevet delt opp i vedrøyr og silrøyr. Vatn og oppløyste mineral blir transportert i vedrøyr, mens produkt frå fotosyntesen blir transporterte i silrøyr.

Føremål

I dette forsøket skal du studere korleis ulike celler, vev og organ samarbeider om å ha ein bestemt funksjon i ein plante.

Tips!

Utvid gjerne forsøket ved å inkludere ulike plantar og fargeløysningar.

Framgangsmåte

Del 1. Førebuingar

  1. Fyll to begerglas halvfulle med vatn.

  2. Tilset farge i det eine av dei to begerglasa. Rør godt, slik at fargen løyser seg heilt opp og du får ei jamn fargeblanding.

  3. Bruk skalpell til å skjere bort nokre centimeter nedst på stilken til plantane.

  4. Plasser éin plante i kvart begerglas.

  5. Lat plantane stå i to–tre dagar.

Del 2. Observasjon og tillaging av preparat

  1. Undersøk plantane: Kva endringar observerer du?

  2. Studer oversida og undersida av eit blad med lupe eller mikroskop. Ta bilete med eit kamera eller ein mobiltelefon gjennom okularet.

  3. Bruk skalpell til å skjere eit tverrsnitt nokre centimeter frå enden av stilken.

  4. Skjer ei tynn skive av stilken. Prøv å få snittet så tynt som mogleg, helst tynnare enn 2 mm. Dette er preparatet ditt.

  5. Observer tverrsnittet med lupe eller mikroskop. Ta bilete med eit kamera eller ein mobiltelefon gjennom okularet.

Resultat og spørsmål

  1. Kva vev, organ og organsystem finn vi hos plantar?

  2. Forklar endringane du observerte. Kva delar av planten er farga?

  3. Kva var føremålet med planten i begerglaset utan fargeløysning?

  4. Bruk biletet du har teke av stilken gjennom lupa eller mikroskopet, eller lag ei skisse av tverrsnittet av stilken på planten. Set namn på dei ulike strukturane.

  5. Finn ein figur som viser eit tverrsnitt av stilken til ein einfrøblada og ein tofrøblada plante. Samanlikn desse med resultata dine. Er planten din einfrøblada eller tofrøblada? Kva betyr dette?

  6. Forklar korleis celler, vev og organ samarbeider om transport i plantar.

  7. Kva trur du hender viss du skjer eit lengdesnitt langs stilken og plasserer den eine halvdelen av stilken i eit begerglas med blå fargeløysning og den andre halvdelen i eit begerglas med raud fargeløysning?

Ein kvit blomster der stilken er splitta og delane er plasserte i kvar sin fargeløysning. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Ulike plantegrupper løyser behovet for opptak og transport av vatn på ulike måtar.

CC BY-SASkrive av Guro Øistensen Jørgensen, Elida Arstad Skøien og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2022

Læringsressursar

Vekst og utvikling