Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Oppsummeringsoppgåver til Frå celle til organisme

Her finn du varierte oppgåver om kommunikasjon mellom celler, om utvikling frå éi celle til heil organisme og om vekst. Oppgåvene gir deg god trening i nye omgrep og ei fin oversikt over emnet.

Oppgåve 1. Memory

Lag par ved å finne biletet og ordet som høyrer saman.

Oppgåve 2. Frå éi celle til velutvikla organisme

  1. Teikn og forklar korleis éi celle utviklar seg til spesialiserte celletypar, vev og organ.

  2. Forklar forskjellen på ein eincella og ein fleircella organisme.

  3. Kva blir meint med celledifferensiering?

  4. Korleis deler celler seg?

  5. Forklar korleis éi celle blir til ein velutvikla organisme:

Oppgåve 3. Livsprosessar

  1. Kva blir meint med ein livsprosess?

  2. Kva livsprosessar er naudsynte for alle levande organismar?

Oppgåve 4. Kommunikasjon mellom celler

  1. Korleis kommuniserer celler med kvarandre og med omgivnadene sine?

  2. Forklar forskjellen på kommunikasjon hos eincella og fleircella organismar.

  3. Kvifor er kommunikasjon mellom celler viktig for ein organisme?

  4. Teikn og forklar:

    1. Korleis kommuniserer ei celle med ei nabocelle ved eksocytose?

    2. Korleis kan ei celle kommunisere over lange avstandar?

  5. Forklar hovudforskjellane mellom dyreceller og planteceller:

Oppgåve 5. Signal – reseptor – respons

  1. Kva blir meint med uttrykket "eit signalstoff og ein reseptor passar saman som nøkkel i ein lås" frå oppgåva over?

  2. Hundrevis av signalstoff blir brukte til kommunikasjon mellom celler. Forklar korleis cella veit når ho skal reagere på ulike signal.

  3. Gi minst tre døme på korleis signalstoffet acetylkolin verkar på ulike celletypar.

Oppgåve 6. Vekst og utvikling hos ulike organismar

  1. Forklar forskjellen på vekst og utvikling.

  2. Kva faktorar påverkar vekst og utvikling hos ulike organismar (dyr og plantar)? Gi døme.

  3. Kvifor er det større variasjon innanfor same art hos plantar enn hos dyr?

  4. Korleis blir fosterutviklinga regulert?

  5. Forklar kva som skjer på dei ulike stadia i fosterutviklinga hos dyr: cellekløyving, gastrulering og organogenese.

  6. Teikn og forklar likskapar og forskjellar i fosterutviklinga hos plantar og dyr.

Oppgåve 7. Kva er riktig om fosterutviklinga hos dyr?

Oppgåve 8. Utvikling i dyreriket

  1. Samanlikn kroppsbygging og utviklingstrekk hos

    1. svampar og nesledyr

    2. leddyr og blautdyr

    3. ryggstrengdyr og pigghudingar

  2. Forklar kroppsbygginga hos radiærsymmetriske og tosidig symmetriske dyr. Gi døme på artar som høyrer til kvar av dei to gruppene.

  3. Forklar kva som blir meint med protostome og deuterostome dyr. Gi døme på artar som høyrer til kvar av dei to gruppene.

  4. Kva for nokre grunnleggjande strukturar er karakteristiske for alle dyr?

  5. Forklar korleis ulike cellelag gir opphav til ulike vevstypar under fosterutviklinga hos dyr.

  6. Kva er dei karakteristiske utviklingstrekka hos ryggstrengdyr?

  7. Studer figuren under, og finn den påstanden som ikkje er riktig:

Oppgåve 9. Vekst og utvikling hos plantar

  1. Struktur og oppbygging hos frøplantar:

    1. Teikn ein frøplante med vev og organ.

    2. Lag ein forklarande tekst som beskriv funksjonen til kvart vev og organ.

    3. I nokre tilfelle kan organ bli gjorde om eller modifiserte til andre strukturar. Gi minst eitt døme for kvart planteorgan.

  2. Kva er vekstvev (meristem)? Forklar dei to hovudtypane av vekstvev hos plantar.

  3. Forklar forskjellen på primær- og sekundærvekst.

  4. Kva er ein vekstbevegelse? På kva måte bidreg plantehormonet auxin til vekstbevegelsar hos plantar?

  5. Kva er hovudfordelen med gravitropisme for eit spirande lite frø?

Oppgåve 10. Vekst, utvikling og tilpassing hos plantar

Vel riktig alternativ for å fullføre setningar om vekst, utvikling og tilpassing hos plantar.

Kjelde

OpenStax (2018). Biology. Henta 12. desember 2021 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/preface

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 16.05.2023

Læringsressursar

Vekst og utvikling