Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Kommunikasjon mellom celler

I fleircella organismar er cellene avhengige av å kommunisere med kvarandre. I dette forsøket skal du studere korleis steinceller i ei pære kommuniserer med kvarandre gjennom opne cellesamband.
Fire pærer med påteikna ansiktsuttrykk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnsinformasjon

Steinceller (sklerenkymceller) er ein spesiell celletype som sørgjer for stabilitet i fruktkjøtet hos pærer. Steincellene har ein tjukk ytre cellevegg som gjer desse cellene godt eigna for å undersøkje opne cellesamband. Modne steinceller er døde, noko som gjer at dei kan fargast med safraninløysning.

Føremål

I dette forsøket skal du bli kjend med kommunikasjon mellom celler ved å studere opne cellesamband gjennom mikroskopet.

Framgangsmåte

  1. Legg eit lite stykke fruktkjøt frå ei moden pære på eit objektglas.

  2. Tilset eit par dropar vatn.

  3. Skvis fruktkjøtet på objektglaset ved hjelp av eit dekkglas.

  4. Valfritt: Tilset preparatet eit par dropar safraninløysning. Trekk løysninga gjennom preparatet ved å bruke eit filterpapir.

  5. Plasser preparatet under mikroskopet. Start med minste forstørring, og auk forstørringa når du har fått eit skarpt bilete.

    • Ved farging vil steincellene få raud farge. Ved mikroskopering utan farging kan du sjå etter ei gruppe celler som skil seg frå dei andre. Desse cellene har ujamn struktur og tjukk cellevegg.

    • Auk til største forstørring for å studere opne cellesamband. Sjå etter kanalar som går gjennom celleveggen.

  6. Ta gjerne bilete med mobiltelefonen gjennom okularet.

Ei samling med celler. Mikroskopfoto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Resultat og spørsmål

  • Teikn ei steincelle, og set på namn på dei ulike strukturane: cellevegg, opne cellesamband og plasmodesmata.

  • Kva er plasmodesmata, og kvifor er opne cellesamband spesielt viktige for kommunikasjon mellom planteceller?

Kommunikasjon mellom celler

  • Kvifor må celler kommunisere med kvarandre?

  • Forklar korleis celler kommuniserer med kvarandre og med omgivnadene sine.

  • Korleis kan ei celle reagere ulikt på ulike signalstoff?

Celler, vev og organ

  • Finn ut meir om sklerenkymceller. Kva type plantevev kan bestå av sklerenkymceller?

  • Kva for nokre andre celletypar kan du finne i denne typen vev hos plantar? Lag ei teikning som viser forskjellen på dei tre celletypane.

  • Kva planteorgan er vanlegvis bygde opp av denne vevstypen?

  • Forklar utviklinga frå éi befrukta eggcelle til ei moden pære.

Tips!

Viss de har eit mikroskop med polarisator (polarisasjonsfilter), kan det vere spennande å undersøkje steinceller gjennom eit slikt filter. På grunn av den krystallinske strukturen sin kan nemleg steinceller lys.

Relatert innhald

Celler må kunne kommunisere med kvarandre og omgivnadene. I fleircella organismar samarbeider cellene, slik at organismen kan fungere som ein heilskap.

CC BY-SASkrive av Hans Otto Böhm og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 28.12.2021

Læringsressursar

Vekst og utvikling