Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver – vekst og utvikling hos plantar

Desse oppgåvene vil hjelpe deg i det vidare arbeidet med stoffet om vekst og utvikling hos plantar. Oppgåvene utfordrar deg til å reflektere og sjå samanhengar.
Balderbrå. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Utvikling av frø

  1. Kva rolle trur du tilpassingane av frø og pollen spelte i utviklinga av frøplantar?

  2. Den geologiske tidsperioden krit (145–166 millionar år sidan) var prega av ein stor auke i talet på blomsterartar. I same periode utvikla det seg òg eit enormt tal ulike insektartar. Kva trur du kan vere årsaka til dette?

Oppgåve 2. Omforma planteorgan

Ein potetplante med ei potet fest til rota. Foto.
  1. Karbohydrat kan lagrast mange ulike stader i ein plante. Løk, rotknollar og jordstenglar er alle døme på slike underjordiske lagringsorgan. Kva er desse organa forma om frå?

  2. Søtpotet og vår eiga potet består begge av karbohydrat som planten har lagra. Dei kjem likevel frå ulike organ. Kva då, trur du?

  3. Gi to døme på omforma stenglar, og forklar korleis denne utviklinga er fordelaktig for planten.

Oppgåve 3. Planterøter

Rotspissane har meristem (vekstvev) med aktiv celledeling. Kvifor trur du desse rotspissane er dekte av ei ytre rothette?

Oppgåve 4. Ulike former for vekst hos plantar

  1. Plantar har, i motsetnad til dei fleste dyr, såkalla open vekst. Kva betyr det?

  2. Sjølv om plantar generelt har open vekst, har ikkje alle planteorgan det. Gi døme på planteorgan som ikkje har open vekst.

  3. Kva trur du er poenget med sekundærvekst? Kva plantar har dette?

  4. Hos gras kan stengelen òg vekse i leddknutane på grunn av såkalla innskotne meristem. På kva måte er dette gunstig for overlevinga til gras som dyr beiter på?

  5. Kva betydning trur du det har at nokre meristem (vekstvev) kan liggje i dvale?

  6. Kva skjer med rot- og skotveksten dersom ein blomsterplante blir lagd horisontalt? Kva faktor utløyser dette, og kva blir desse bevegelsane kalla?

Oppgåve 5. Åtferd hos plantar

Åtferd er definert som ein respons på ein stimulus. Har plantar åtferd?

Oppgåve 6. Faktorar som påverkar plantevekst

På kva måte er vassopptak heilt sentralt for plantevekst?

Oppgåve 7. Ulike tilpassingar

Blomster og frukt hos planten Ruscus. Foto.
  1. Blomsteren og frukta hos slekta Ruscus, som mellom anna finst i middelhavsområdet, er plassert tilsynelatande midt på eit blad. Korleis forklarer du denne plasseringa?

  2. Nokre frø spirer først etter ein skogbrann. Kva slags plantar trur du dette er, og kva kan dette vere ei tilpassing til?

  3. Kva trur du kan skje med tidspunktet for blomstring dersom ein plante blir flytta frå éi breiddegrad til ei anna?

  4. Nokre plantar må gjennom ein kuldeperiode før dei kan blomstre. Kva plantar trur du dette gjeld, og kva betydning har dette?

  5. Beskriv ein planteart med blad som er tilpassa kalde temperaturar, og ein planteart med blad som er tilpassa varme temperaturar.

Oppgåve 8. Eittårige, toårige og fleirårige plantar

  1. Dvergsyre og snøsøte er blant dei ytst få eittårige fjellplantane. Kvifor trur du eittårige fjellplantar er så sjeldne?

  2. Kvifor trur du eittårige artar er spesielt vanlege i sterkt forstyrra habitat?

  3. Kva trur du skjer dersom vi sår ut frø frå ein eittårig plante frå middelhavsområdet under gunstige norske forhold? Fleire utfall er moglege.

  4. Kvifor trur du at vi finn mange av nyttevekstane våre blant dei toårige plantane?

  5. Fleirårige plantar som blomstrar berre éin gong og så døyr, bruker ein risikabel strategi der dei "satsar alt på eitt kort". Under kva forhold trur du ein slik strategi løner seg?

  6. Kvifor trur du det finst plantar med så mange ulike vekseformer og så ulik lengd på livssyklusen?

Oppgåve 9. Frø og frøkvile

Nærbilete av harerug med mange yngleknoppar. Foto.
  1. Dei aller fleste frøa må gjennom ein kvileperiode før dei kan starte spireprosessen. Kva trur du er årsaka til dette?

  2. Ikkje alle frø går gjennom ein kvileperiode. Nokre frø spirer allereie mens dei sit på morplanten. Kvar trur du dette kan finnast, og kva fordelar kan planten ha av det?

Oppgåve 10. Vekstbevegelsar

  1. Kvifor bøyer potteplantane i vindauget seg mot lyset?

  2. Røter er vanlegvis positivt gravitropiske. Det vil seie at dei veks nedover med tyngdekrafta. Kjenner du tilfelle der røtene er negativt gravitropiske? Kva kan vere årsaka til dette?

Oppgåve 11. Fosterutvikling hos plantar

Tofrøblada plantar dannar eit hjarteforma foster under fosterutviklinga. Kva form trur du plantefosteret hos einfrøblada plantar har?

CC BY-SASkrive av Hanne Hegre og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2021

Læringsressursar

Vekst og utvikling