Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Undersøk oppbygginga av bladet

Hovudoppgåva til eit blad er å drive fotosyntese for å skaffe næring til vidare vekst og utvikling hos planten. Oppbygginga av bladet speglar desse hovudoppgåvene. Utforsk samanhengen mellom oppbygginga og funksjonen til bladet ved å studere eit blad under mikroskopet.
Blad på hengebjørk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Bli kjend med oppbygginga av bladet og forstå korleis oppbygginga heng saman med funksjonen til bladet.

Framgangsmåte

  1. Skjer eit tynt tverrsnitt av bladet. Prøv å få snitta så tynt som mogleg, helsa tynnare enn 1 mm. Det kan vere lurt å lage fleire snitt samtidig, då er sjansen større for å få eit fint preparat.

  2. Legg preparatet på objektglas, drypp over nokre dropar vatn, og plassar dekkglaset slik at du ikkje får luftbobler under glaset.

  3. Plasser preparatet under mikroskopet. Start med minste forstørring, og auk forstørringa når du har fått eit skarpt bilete. Teikn det du ser undervegs.

    1. Start med å studere oversida av bladet. Korleis kan du vite kva som er oversida og undersida?

    2. Beveg deg langsamt nedover i tverrsnittet. Det neste cellelaget består av avlange celler fylte med klorofyll. Kva type cellevev er dette?

    3. Vidare møter du eit cellelag med store holrom mellom cellene. Kva type cellevev er dette?

    4. Finn du ein samla bunt med celler? Kva type cellevev er dette?

Tverrsnitt av ei linje som viser tydelege celler og vevsstrukturar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dokumentasjon og vidare arbeid

Ta bilete med mobiltelefon eller kamera gjennom okularet. Dette er nyttig dokumentasjon når du skal skrive ein rapport.

  1. Prøv å finne cellestrukturar og celletypar som er sentrale i oppbygginga av bladet. Du kan anten bruke bileta du har teke, og setje namn på delane der, eller lage ei skisse som du skriv på.

    • kutikula

    • cellevegg

    • øvre ytterhud (epidermis)

    • kloroplast

    • palisadevev

    • svampvev

    • leidningsvev (vedrøyr og silrøyr)

    • luftrom

    • spalteopningar

    • lukkeceller

    • nedre ytterhud (epidermis)

  2. Kva er karakteristisk for dei ulike cellestrukturane og celletypane? Noter ned nokre stikkord for kvar struktur.

  3. Kva er hovudoppgåva til bladet? Kan du sjå ein samanheng mellom dei ulike cellestrukturane og celletypane du har observert, og funksjonen dei har i bladet? Prøv å forklare dette så godt du kan.

CC BY-SASkrive av Hans Otto Böhm.
Sist fagleg oppdatert 14.04.2021

Læringsressursar

Vekst og utvikling