Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Feltarbeid: vekst og utvikling hos amfibium

Amfibium går gjennom fleire utviklingsstadium før dei blir til vaksne individ. Det er spennande å følgje utviklinga frå egg til rumpetroll og vidare til vaksen frosk. Ta ein tur ut i felt på våren for å studere vekst og utvikling hos amfibium.
Frosk som er omgitt av froskeegg, tittar opp av vatnet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I dette feltarbeidet skal de ut i felt for å studere utviklinga hos amfibium – frå egg til vakse individ.

Bakgrunnsinformasjon

Amfibium legg egg i dammar og tjern om våren. På rett tidspunkt kan de finne alle dei tre utviklingstrinna – egg, larvar eller rumpetroll og vaksne individ – i same område.

Obs!
Nye forskrifter frå 2020 gjer at de må søkje om løyve for å samle inn amfibieegg og larvar eller rumpetroll.

Alle artar av amfibium i Noreg er truga og står i fare for å døy ut. Oversikt over artane finn de på Norsk rødliste for arter.

Framgangsmåte

Del 1. Kartlegg dyrelivet i lokalmiljøet

Finn ulike område i lokalmiljøet som kan vere aktuelle for å studere amfibium.

  • Kva krav trur de amfibium har til leveområdet sitt?

  • Studer eit kart over lokalmiljøet, og prøv å finne område der det kan vere amfibium. Bruk gjerne karta frå Artsdatabanken.

Del 2. Innsamling av dyr for observasjon i felt

  1. Det beste er å observere dyra i dei naturlege habitata deira. Viss de har behov for å studere dyra nærare, er det nok å samle eit par individ. Ver forsiktige, slik at de ikkje skader dyra.

  2. Ta bilete av dei ulike utviklingstrinna hos artane de finn.

  3. Set dyra tilbake i dammen/området der de fann dei.

Resultat og spørsmål

  1. Set saman ein biletserie eller teikn utviklinga frå egg til larve og vidare til vakse dyr. Forklar kva som skjer i utviklinga frå befrukta eggcelle til vakse individ.

  2. Kva faktorar påverkar utviklingsprosessen hos amfibium?

  3. Kva er metamorfose? Kva er karakteristiske trekk i metamorfosen hos amfibium?

  4. Forklar kvifor celledeling og celledød er sentrale prosessar for vekst og utvikling hos amfibium.

  5. Kva utviklingstrekk gjer at rumpetroll er vasslevande, mens vaksne individ er mindre knytte til vatn?

  6. Amfibium høyrer til gruppa virveldyr. Kva kjenneteiknar denne dyregruppa?

  7. Kva amfibieartar finn vi i Noreg?

  8. Amfibia i Noreg er truga. Kva faktorar trugar denne dyregruppa?

  9. Den parasittiske soppen Batachochhytrium dendrobatidis (Bd) er ein faktor som trugar amfibia. Finn ut meir om denne soppen og korleis han påverkar amfibia våre.

  10. Diskuter utsegna under frå forskaren Carl von Linné:

    Skaparen har ikkje gjort seg så stor møde med desse fråstøytande og ekle dyra, og derfor er det òg så få av dei.

  11. Kva slags planar har kommunen for området de besøkte? Korleis trur de desse planane vil påverke dyrelivet, spesielt utbreiinga av amfibium?

Tips!

Gå inn på nettstaden til GeoNorge, og søk etter kommuneplanar.

  • Alternativ 1: Last ned kommuneplanar i eit eige dokument.

  • Alternativ 2: Få kartoversikt over kommuneplanar i eit område ved å klikke på Legg til i kart i tabellen øvst til venstre. Dette valet vil då leggje seg på markøren øvst til høgre på menylinja (raud sirkel med eitt-tal). Ved å klikke på markøren og deretter Vis kart vil du få oversikt over dei områda der det finst kommuneplanar.

Skjermdump av GeoNorge sin nettstad for kommuneplanar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 29.12.2021

Læringsressursar

Vekst og utvikling