Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver – vekst og utvikling hos dyr

Desse oppgåvene vil hjelpe deg i det vidare arbeidet med stoffet om vekst og utvikling hos dyr. Oppgåvene utfordrar deg til å reflektere og sjå samanhengar.
Museembryo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Kommunikasjon mellom celler

  1. Kva eigenskapar gjer gjær til ein eigna modellorganisme for å lære om kommunikasjon mellom celler? Ein modellorganisme er ein organisme som forskarar bruker for å forstå biologiske prinsipp.

  2. Kvifor er kommunikasjon i fleircella organismar meir komplisert enn i eincella organismar, trur du?

  3. Responsen på eit signalstoff er ulik frå celletype til celletype. Forklar korleis dette er mogleg.

Oppgåve 2. Transport over cellemembranen

  1. Kva faktorar kan hindre at eit signalstoff som passar til ein reseptor på overflata av ei celle, kjem inn i cella?

  2. I eit forsøk blandar vi celler som er dyrka i eit laboratorium, med eit fargestoff som ikkje kan passere gjennom cellemembranen. Deretter tilset vi blandinga eit signalstoff. Observasjonar viser no fargestoff inne i cellene. Korleis er dette mogleg, trur du?

Oppgåve 3. Multippel sklerose

Ein autoimmun sjukdom er ein sjukdom der immunforsvaret angrip kroppen sine eigne friske celler. Kva celletype angrip immunsystemet ved multippel sklerose (MS), og korleis forstyrrar denne sjukdommen kommunikasjon mellom celler?

Oppgåve 4. Mennesket som del av dyreriket

Beskriv og gi døme på at menneske har alle eigenskapane som er felles for medlemmer av dyreriket.

Oppgåve 5. Avgrensingar på organismen sin storleik

  1. Korleis avgrensar diffusjon storleiken på ein organisme?

  2. Kva utviklingstrekk kan motverke denne avgrensinga?

Oppgåve 6. Utvikling hos pattedyr

  1. Beskriv ulike kjenneteikn ved hjernen hos pattedyr som skil seg frå hjernen til andre virveldyr.

  2. Kvifor gjorde utviklinga av kjevemuskulaturen det lettare for pattedyr å spreie seg?

Oppgåve 7. Plantane sin påverknad på landlevande dyr

Plantar endra levevilkåra på jorda til fordel for landlevande dyr. Beskriv minst to måtar dette skjedde på.

Oppgåve 8. Anatomi og fysiologi hos svampar

  1. Beskriv dei ulike celletypane hos svampar.

  2. Kva funksjonar har dei ulike celletypane?

  3. Forklar korleis svampar tek opp næring, og korleis denne forma for næringsopptak skil seg frå andre dyr.

Oppgåve 9. Utvikling av sirkulasjonssystemet hos ulike dyregrupper

Samanlikn sirkulasjonssystemet hos blekksprutar med sirkulasjonssystemet hos andre blautdyr.

 Prinsippskisser av ope og lukka sirkulasjonssystem. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • Korleis har utviklinga av sirkulasjonssystemet påverka kroppsbygginga hos dei to dyregruppene?

  • Korleis har sirkulasjonssystemet påverka fysiologien hos dei to dyregruppene?

Oppgåve 10. Utvikling hos ulike organismar

  1. Fosterutviklinga dannar grunnlaget for den anatomiske utviklinga hos alle dyr. Korleis kan det då ha seg at artane er så ulike, trur du?

  2. Alle løver har fire bein og relativt lik kroppsstorleik, mens høgda og talet på greiner hos tre varierer i stor grad. Kvifor er det slik, trur du?

Oppgåve 11. Vekst og utvikling hos froskar

  1. Teikn og forklar utviklingstrinna hos froskar:

    • frå egg til larvestadiet som rumpetroll

    • frå rumpetroll til vaksen frosk

  2. Kva faktorar påverkar dei ulike utviklingstrinna?

  3. Kvifor lever froskar i eit fuktig miljø, trur du?

Oppgåve 12. Samanlikning av dyr og plantar

Kva forskjellar i vekst og utvikling ser du mellom ein plante og eit pattedyr?

Oppgåve 13. Kroppsbygging og funksjon

Forklar nokre fordelar med utviklinga av kroppshole og tosidig kroppssymmetri hos dyr.

Oppgåve 14. Spesifikke utviklingsgen

  1. Korleis har Hox-gen bidrege til utvikling av den generelle kroppsbygginga hos dyr?

  2. Viss eit Hox 13-gen i ei mus blei erstatta av eit Hox 1-gen, korleis trur du dette ville ha påverka utviklingsprosessen?

Fire rader (A–D) som viser ulike fargemønster. Fargemønstera representerer ulike genuttrykk for kvart av fire sett med gen. Desse fargemønstera blir spegla i ein silhuett av ein menneskekropp og ein silhuett av eit museembryo. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde

OpenStax (2018). Biology. Henta 12. desember 2021 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/preface

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 13.12.2021

Læringsressursar

Vekst og utvikling