Hopp til innhald

Fagstoff

Utvikling av fleircella organismar

Alle organismar startar som éi enkelt celle, og eincella organismar blir verande slik heile livet. Hos fleircella organismar vil derimot opphavscella dele seg mange gonger. Etter kvart vil dei nye cellene få ulike eigenskapar og bli organiserte i vev og organ som saman utgjer ein heil organisme.
Små koppforma strukturar organiserte bortover ei grein. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viktige omgrep

Celle
den minste byggjesteinen i alt liv
Vev
samling av fleire celler med like eigenskapar
Organ
fleire typar vev som samarbeider om ei bestemt oppgåve
Organsystem
fleire organ som samarbeider om viktige kroppsfunksjonar
Livsprosess
prosess som er heilt naudsynt for at ein organisme skal kunne leve
Organisme
eit levande individ

Nysgjerrigper!

Korleis utvikla du deg frå éi einaste celle til ein velutvikla organisme sett saman av 37 tusen milliardar celler?

Frå éi celle til ein velutvikla organisme

Dei fleircella organismane oppstod ved at ulike eincella organismar begynte å samarbeide med kvarandre og etter kvart festa seg til kvarandre. I dag finn vi eit mangfald av fleircella organismar i fleire rike:

  • planteriket

  • dyreriket

  • soppriket

  • nokre organismar frå dei tre små rika (slimriket, urdyrriket og det gule riket)

Kva er ein fleircella organisme?

Ei celle blir til ei samling med fleire celler som til slutt blir til eit insekt. Illustrasjon.

Fleircella organismar består av ei samling med fleire celler. Dei mindre komplekse består av få spesialiserte celler. Dei meir komplekse har ulike vev, organ og organsystem.

Alle fleircella organismar startar livet som éi celle. Denne cella vil etter kvart starte ein utviklingsprosess der ho deler seg, veks og dannar form og funksjon. Resultatet av utviklinga er eit vakse individ. Mange av dei spesialiserte strukturane som blir utvikla i ein organisme, speglar forskjellar i åtferd og tilpassing til miljøet organismen lever i.

Celledifferensiering – utvikling av spesialiserte celletypar

Opphavscella deler seg mange gonger ved vanleg celledeling (mitose) og aukar dermed i storleik og vekt. Dei første cellene som blir danna, har ingen tydeleg funksjon.

I tidlege utviklingsstadium blir cellene spesialiserte til ulike celletypar, til dømes sanseceller og muskelceller hos ulike dyr eller lukkeceller i spalteopningane hos plantar. Denne prosessen blir kalla celledifferensiering.

Ei celle deler seg og blir til to nye celler. Desse to cellene deler seg igjen og blir no til fire nye celler. Desse cellene er utan spesielle oppgåver, men blir vidare spesialiserte til ulike celletypar som nerveceller, muskelceller, pigmentceller, kjønnsceller og så vidare. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sidan arvestoffet i kvar enkelt celle er identisk, blir celledifferensieringa styrt av kva gen som til kvar tid er aktive eller inaktive. Dette fører til at cellene inneheld ulike typar og ulik mengd protein. Fordelinga av ulike protein er styrande for utviklinga av spesialiserte celletypar.

Spesialiserte celler blir til vev og organ

Oppbygninga av hjartet frå celle til organ. Øvst er tre muskelceller bundne saman. I midten ser vi eit utsnitt av hjarteveggen som viser lagvis inndeling av ulike vev. Nedst ser vi eit knyttneveforma tverrsnitt av eit hjarte. Illustrasjon.

Celler som blir differensierte til ein spesiell celletype, har same funksjon i ein organisme. Desse cellene blir gjerne bundne saman i vev og organ der dei enkelt kan samarbeide om større oppgåver. Hjerne og nyrer hos , eller røter og blad hos plantar, er døme på ulike organ.

Organ kan igjen bli organiserte i større system, såkalla organsystem, som samarbeider om sentrale kroppsfunksjonar i organismen. Hjartet og alle blodårene samarbeider til dømes om transport av ulike stoff og om å halde ein stabil kroppstemperatur hos oss menneske. Desse organa er derfor organiserte i eit organsystem som blir kalla sirkulasjonssystemet.

Enkle organismar som svampar har ikkje utvikla vev og organ, men har spesialiserte celletypar som utfører ulike oppgåver.

Livsprosessar

Alle cellene og strukturane i ein organisme kommuniserer og samarbeider med kvarandre. Dette utgjer eit meir eller mindre komplekst system som driv alle livsprosessane i organismen:

  1. reaksjon på omgivnadene

  2. bevegelse

  3. næringsopptak og fordøying

  4. gassutveksling

  5. vekst og utvikling

  6. utskiljing

  7. formeiring

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 08.10.2021

Læringsressursar

Vekst og utvikling