Hopp til innhald
Fagartikkel

Vekst hos plantar

Eit frø spirer og blir til ein ung plante med rot, stengel og blad. I motsetnad til dyr blir plantar aldri bli ferdig utvaksne. Plantar har kontinuerleg vekst heile livet.

Tenk gjennom!

Kvifor veks plantar heile livet?

Vekst hos plantar: celledeling og cellevekst

Vekst er ein livsprosess. Når ein plante veks, blir han større fordi cellene deler seg og blir fleire. I tillegg kan dei enkelte plantecellene utvide seg og bli større.

i plantecelleveggen kan bryte opp bindingar mellom cellulosefibrane som byggjer opp celleveggen. Når plantecella deretter tek opp vatn i vakuolen, vil dette presse celleveggen utover, slik at cella aukar i storleik. Plantar veks både ved celledeling og ved utviding av enkeltceller, såkalla cellevekst. Planteceller utvidar seg sjeldan like mykje i alle retningar. Dei utvidar seg ofte mest i lengderetning.

Kontinuerleg vekst heile livet

Plantar veks heile livet. Dette er mogleg fordi plantane har eit eige vekstvev (meristem) på tuppen av røter og skot. Cellene i vekstvevet deler seg heile tida og dannar dermed nye celler. Nokre av dei nye cellene held fram med å vere uspesialiserte i vekstvevet, mens andre raskt spesialiserer seg til ulike celletypar, vev og organ i den veksande planten.

Primærvekst – lengdevekst i røter og skot

Primærvekst gjer at røtene kan vekse gjennom jorda, at skota kan strekkje seg mot lyset, og at nye bladspirer spring ut. Dette er den grunnleggjande forma for vekst hos alle plantar.

Sekundærvekst – breiddevekst hos vedplantar

Sekundærvekst gjer at planten kan vekse i breidda. Denne typen vekst finst berre hos vedplantar som tre og buskar. Vekst i breidd eller tjukkleik skjer ved at det blir danna nye lag med celler mellom leidningsveva, slik at desse veks saman. Det er dette vevet som dannar dei karakteristiske årringane vi kan sjå i tverrsnittet av ein trestamme. Hos vedplantar skjer primær- og sekundærvekst samtidig.

Faktorar som påverkar plantevekst

Vekst hos alle organismar blir påverka av næringstilgangen og av miljøet organismen lever i. Dette er spesielt tydeleg hos plantar, sidan dei ikkje kan flytte seg. Dei må derfor tilpasse seg omgivnadene der dei står. Lys er heilt naudsynt for at grøne plantar skal kunne vekse og produsere energi gjennom fotosyntesen. Dei må tilpasse seg for å få tak i det lyset dei treng.

Kontinuerleg vekst er ein viktig eigenskap som gjer at plantane kan tilpasse seg ulike signal frå omgivnadene, til dømes endringar i temperatur, lys, tilgang på vatn eller næring. Vekst hos plantar skjer gjennom heile livet. Frøspiring og blomstring er viktige hendingar som er nøye synkroniserte med miljøforholda.

Dei ytre signala påverkar konsentrasjonen av ulike i plantecellene. Dei regulerer dermed kva gen som er skrudde av og på. På denne måten kan plantane reagere på signal dei får frå omgivnadene, og gjere tilpassingar i vekst og utvikling. Denne tilpassingsdyktigheita gjer at plantar viser mykje større variasjon innanfor same art enn dyr.

Vekstbevegelsar – retningsbestemt vekst

Plantar er med få unntak fastsitjande, men dei kan vekse bort frå krevjande utfordringar eller oppsøkje stader med betre vilkår. Retningsbestemt vekst som er styrt av ytre stimuli, til dømes lys, gravitasjon, berøring eller vasstilgang, blir kalla tropismar.

Auxin gjer at plantar veks mot lyset

Plantehormonet auxin styrer vekstbevegelsar mot lyset, såkalla fototropisme. Plantar reagerer på lys ved at auxin samlar seg på skuggesida av planten. Auxin stimulerer cellevekst og celledeling, og gjer at planten veks raskare på skuggesida. Planten vil derfor bøye seg til sida med langsam cellevekst, og dermed mot lyskjelda.

Tenk gjennom eller diskuter med ein medelev

Korleis trur du/de ulike tropismar kan påverke vekst hos plantar? Kom gjerne med døme.

Eittårige, toårige og fleirårige plantar

Før ein plante kan utvikle formeiringsorgan, blomstrar eller kongler, må han oppnå ein viss storleik og vere i stand til å produsere den energien han treng. Plantar har svært ulik livssyklus. Nokre veks, får avkom og døyr på under eitt år. Desse plantane er eittårige. Andre bruker to eller fleire år på å nå formeiringsdyktig alder. Ja, nokre plantar kan faktisk leve i hundrevis av år!

Kjelder

OpenStax (2018). Plant Form and Physiology. Henta 21. oktober 2021 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/30-introduction

Taiz, L., Zeiger, E., Møller, I. M., Murphy, A. (2015). Plant Physiology and Development. Sinauer Associates.