Hopp til innhald

Fagstoff

Vekst hos dyr

Vekst er eit kjenneteikn på liv og går føre seg i alle dyr. Veksten skjer ved at celler deler seg og blir fleire, og han gjer at dyra veks i storleik. Kor mykje eit dyr veks, blir styrt av gen og påverka av næringstilgangen og av miljøet organismen lever i.
Afrikansk elefantunge som diar mens mora drikk vatn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk gjennom!

Kva er forskjellen på vekst og utvikling hos ein organisme?

Vekst – dyret aukar i storleik

Vekst skjer hovudsakleg ved at celler deler seg og blir fleire. Gjennom heile livet til ein fleircella organisme blir det produsert nye celler ved at allereie eksisterande celler deler seg ved mitose. Dei nye cellene bidreg til å halde ved like og til å byggje opp organismen mens han veks og utviklar seg.

Ei stor and som sym med fem små andungar på rekkje bak. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vekst inneber at ein organisme aukar i storleik. Vekst hos dyr skjer hovudsakleg ved celledeling.

Utvikling vil seie forvandling frå éi enkelt celle til ein velfungerande organisme beståande av ulike celletypar, vev og organ.

Faktorar som påverkar vekst og utvikling hos dyr

Nokre dyr blir gigantiske i storleik, mens andre held fram med å vere mikroskopiske heile livet. Korleis veit kroppen at han har nådd passe storleik?

Vekst blir styrt av to faktorar:

  • gen

  • miljø

Gen – bestemmer storleiken på dyr avhengig av art

Gena bestemmer storleiken på ulike dyreartar. Dei spesifikke utviklingsgena, Hox-gena, bestemmer korleis utviklinga hos dyr skal gå føre seg, og er dermed hovudansvarlege for den generelle kroppsbygginga.

Det finst òg spesifikke gen, mellom anna SWH-gena, som regulerer vekst hos dyr. Desse gena regulerer balansen mellom ulike hormon. Hormon er eit viktig signalstoff som påverkar kommunikasjon mellom celler i heile kroppen til ein organisme. På den måten kan dei regulere prosessar som vekst og utvikling når miljøforholda ligg til rette for det.

Miljøfaktorar – regulerer vekst og utvikling hos enkeltindivid

Kongeørn sit på død rev. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vekst hos alle organismar blir påverka av næringstilgangen og av miljøet organismen lever i. Cellene kommuniserer med kvarandre og gjer at kroppen kan reagere på omgivnadene.

Veksthormon og veksthormonreseptor. Illustrasjon.

Når det er rikeleg med mat, vil dyret ha næringsstoff i blodet som set i gang produksjon av ulike hormon. Næringsstoff i blodet til ein ung organisme vil fremje vekst ved å stimulere celler til å dele seg. Dermed aukar dyret i storleik. Denne måten å regulere vekst på er viktig for at alle organ og vev skal kunne vekse til rett storleik og rette proporsjonar. Viss dyra får for lite mat i vekstfasen, vil dei ende opp som små individ av arten sin.

Andre miljøfaktorar som kan påverke vekst, er temperatur og fukt eller tilgang på vatn.

Frå befrukting til vakse individ

Hos dyr går utviklinga hovudsakleg føre seg på fosterstadiet, og eventuelt på larvestadiet. Vekst hos dyr kan vere konstant i gitte periodar, men vil ofte vere raskare hos unge individ og avta med alderen.

Vekstfase – ein tidsavgrensa vekstperiode

Nokre dyr veks heile livet, mens andre har ein tidsavgrensa vekstfase. Hos dei fleste blautdyr og flatormar vil vekstfasen aldri stoppe heilt opp.

Hos pattedyr, fuglar og insekt er vekstfasen tidsavgrensa. Viss dyr ikkje veks så mykje i denne perioden av livet, vil dei ende opp med å bli små. Vekstfasen hos oss menneske varer i cirka 20 år.

Vekstkurve for dyr med tidsavgrensa vekstfase

Ulike vekstfasar hos mus. Frå embryo til nyfødd individ, vaksen og etter kvart gammal. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Perioden frå befrukting og gjennom fosterutviklinga: Grunnleggjande strukturar som vev og organ blir danna. Veksten er relativt langsam.

  2. Perioden frå nyfødd, eller nyleg klekt, til vakse individ: Organa blir fullt utvikla, og organismen veks raskt til han oppnår full kroppsstorleik. Når dyret blir kjønnsmodent, blir det rekna som eit fullvakse individ.

  3. Perioden som vakse individ: Veksten avtek, og det oppstår ein balanse mellom celledeling og celledød. Det vil seie at dei nye cellene som blir danna, blir brukte til reparasjon og vedlikehald av organismen – og ikkje til vekst. Dyret endrar ikkje lenger kroppsstorleik.

  4. Aldring: Det døyr fleire celler enn det blir laga nye, og nokre celler blir mindre. Organismen vil dermed redusere kroppsstorleiken sin.

Metamorfose – fullstendig forvandling

Dei fleste dyr går gjennom ei forvandling, metamorfose, før dyret får same form som det vaksne individet. Desse dyra har først eit livsstadium som larve. Larven er ei seksuelt umoden form av dyret og har vanlegvis eit heilt anna levesett og ein heilt annan utsjånad enn det vaksne individet.

Ulike stadium i livssyklusen til ein sommarfugl. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Larven går gjennom ei forvandling der det skjer ei omstrukturering av heile kroppsbygginga. I overgangen frå larve til vakse individ vil dei cellene som utgjer eigne vev knytte til larvestadiet, gå gjennom programmert celledød for å gi plass til nye celletypar.

Etter forvandlinga er ikkje dyret nødvendigvis fullvakse, men må vekse og utvikle seg vidare inntil det blir kjønnsmodent. Nokre dyr, mellom anna menneske, utviklar seg direkte til vaksne individ.

Yngelpleie – tett oppfølging frå foreldre

Røyrsongar og reir med fugleungar. Foto.

Når fugleegga blir klekte eller pattedyra blir fødde, er ungane så små og hjelpelause at dei må pleiast av foreldra. Yngelpleie er ein viktig faktor for overlevinga til mange unge individ. Foreldra bruker mykje tid og energi på yngelpleie. Ungane må matast og vernast mot fiendar til dei er store nok til å klare seg på eiga hand.

Det vanlegaste i dyreriket er å overlate ungane til seg sjølv frå dei blir fødde eller klekte.

Gjendanning av kroppsdelar

Brun firfisle sit på trestamme. Foto.
Ein avbroten arm frå ei sjøstjerne. Ytst på armen utviklar det seg ei ny sjøstjerne. Foto.

Viss kroppsdelar blir øydelagde eller brotne av, har nokre dyr moglegheita til å danne nye. Dersom til dømes ei sjøstjerne mister ein arm, vil det vekse ut ein ny. Armen som blei broten av, kan i tillegg utvikle seg til ei ny sjøstjerne.

Firfisler kastar halen som ein forsvarsmekanisme mot fiendar. Halen vil etter kvart bli gjendanna. Det er hovudsakleg dyr som veks heile livet, som har moglegheita til gjendanning av kroppsdelar. Jo meir komplekse dyra er, jo mindre er evna til gjendanning.

Kjelder

Reece, J. B. et al. (2011). Campbell Biology (9. utg.). Pearson.

OpenStax (2018). Introduction to Animal Diversity. Henta 14. oktober 2021 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/27-introduction

Moeller, M. E et al. (2017). Warts Signaling Controls Organ and Body Growth through Regulation of Ecdysone. Current Biology. Henta 31. desember 2021 frå https://www.cell.com/current-biology/fulltext/s0960-9822(17)30493-1

Wang, L. H. & Baker, N. E. (2019). Salvador–Warts–Hippo pathway regulates sensory organ development via caspase-dependent nonapoptotic. Nature. Henta 31. desember 2021 frå https://www.nature.com/articles/s41419-019-1924-3

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 09.12.2021

Læringsressursar

Vekst og utvikling