Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Korleis veks plantar i breidda?

Har du nokon gong lurt på kvifor nokre plantar utviklar ein robust stamme, mens andre plantar har ein stilk som er omtrent like stor heile livet? I dette forsøket skal vi studere breiddevekst hos plantar gjennom mikroskopet.
To ulike plantar med røter og bladverk ved sida av kvarandre. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnsteori

Evna til å vekse i breidda har samanheng med om planten høyrer til gruppa eller plantar. Tofrøblada plantar har celler som dannar eit ekstra vekstvev (meristem) i stenglane, noko som gir dei moglegheit til breiddevekst (sekundærvekst). Dette vekstvevet blir kalla kambium.

Føremål

I dette forsøket skal du bli kjend med dei cellene som dannar vekstvevet i stengelen hos plantar, ved å undersøkje cellene i mikroskopet.

Tips til val av plantar

Einfrøblada – grasfamilien, storrfamilien, sivfamilien, tulipanslekta, krokusslekta

Tofrøblada – tomat, skogstorkenebb, graskarfamilien, solsikkeslekta

Framgangsmåte

Du skal lage eit tverrsnitt av stengelen til éin einfrøblada og éin tofrøblada plante. Deretter skal du farge tverrsnitta og finne cellene som utgjer vekstvevet.

Prosessen for tillaging og farging av eit mikroskopipreparat. Steg 1: Legg preparatet på eit objektglas. Tilset ein drope vatn før du legg dekkglaset forsiktig over. Steg 2: Legg ein drope med farge ved kanten av dekkglaset, og lat han trekkje gjennom preparatet ved hjelp av eit filterpapir. Illustrasjon.
  1. Lag ein hypotese om kva du trur du kjem til å sjå gjennom mikroskopet.

  2. Skjer ei tynn skive av stengelen til kvar av dei to plantane. Prøv å få snitta så tynt som mogleg, helst tynnare enn 2 mm. Det er lurt å lage fleire snitt samtidig. Då er sjansen større for å få eit fint preparat.

  3. Legg preparatet på objektglas, tilset nokre dropar vatn, og plassar dekkglaset slik at du ikkje får nokon luftbobler under glaset.

  4. Tilset ein drope alcian-blå, og trekk han gjennom preparatet ved å leggje eit filterpapir på motsett side av fargedropen.

  5. Tilset ein drope safraninløysning på same preparat, og trekk han gjennom preparatet ved hjelp av filterpapir på same måte som i punkt 4.

  6. Plasser preparatet under mikroskopet. Start med minste forstørring, og auk forstørringa når du har fått eit skarpt bilete. Ta gjerne bilete med mobiltelefonen gjennom okularet.

Fargeforklaring

Levande celler vil få ein blå farge når dei kjem i kontakt med alcian-blå. Døde celler vil få ein raud farge når dei kjem i kontakt med safraninløysninga.

Resultat og spørsmål

Notat, bilete og teikningar er nyttig dokumentasjon.

  1. Kva er hovudoppgåva til stengelen hos plantar?

  2. Forklar korleis vekst skjer hos plantar. Kva er forskjellen på primær- og sekundærvekst?

  3. Kva vevstypar kan du finne i stengelen til ein plante?

  4. Prøv å identifisere dei ulike vevstypane i stengelen på dei to ulike plantane, og set på namn. Du kan anten setje namn på bileta du har teke, eller lage ei skisse av det du observerte i mikroskopet.

  5. Ta utgangspunkt i det du har observert, og forklar likskapar og forskjellar i organiseringa av vev i stengelen hos einfrøblada og tofrøblada plantar.

  6. Kan du finne vekstvevet for breiddevekst (kambium) i preparata dine?

  7. Ut frå det du har observert, kan du forklare korleis kambiet regulerer breiddeveksten til ein plante?

  8. Kva faktorar påverkar vekst hos plantar?

Tel årringar i ein trestamme

Hos vedplantar som store tre veks leidningsvevet saman og dannar dei karakteristiske årringane som vi kan sjå i tverrsnittet av ein trestamme.

Studer ei rund skive av ein trestamme, eller bruk biletet under, og sjå om du kan bestemme alderen på treet.

Årringar hos gran. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Visste du at plantar har kontinuerleg vekst heile livet? Korleis veks plantar, og kva faktorar styrer plantevekst?

CC BY-SASkrive av Hans Otto Böhm og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 02.01.2022

Læringsressursar

Vekst og utvikling