Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Feltarbeid: Er det liv i frose organiske materiale?

Om vatnet i ei celle frys, vil det bli danna sylskarpe iskrystallar som kan øydeleggje cellemembranane. Finst det organismar som kan overleve i frosen tilstand gjennom vinteren?
Frose lauv og gras på bakken. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

I dette feltarbeidet skal de gå ut og samle inn frose organisk materiale og undersøkje om det finst liv i det de finn.

Kva trur de? Lag hypotesar

Lag hypotesar om liv i frose materiale før de går ut.

Framgangsmåte

  1. Gå ut og samle inn frose lauv eller anna organisk materiale.

  2. Når de er tilbake på skulen, legg de det organiske materialet i eit begerglas. Tilset vatn slik at det dekkjer materialet. Bland materialet med vatnet.
  3. Bruk ein dropeteljar til å ta ut ein drope vatn, og undersøk han i mikroskopet. Pass på at det kjem med litt «grums».

  4. Teikn figurar, ta bilete, eller beskriv utsjånaden på det levande materialet de observerer.
  5. Anslå kor mykje levande materiale de ser i synsfeltet ved 40 eller 100 gongers forstørring (ingenting, opptil 10 individ, 10–20 individ, fleire enn 20 individ).

    Tips: Om de tilset ein liten drope jod-løysning til mikroskoppreparatet, kan enkelte bakteriar bli meir synlege. Lag figurar eller ta bilete av eventuelle bakteriar.

    De kan òg bruke petrifilm eller utstryk på næringsagar for å undersøkje om det er bakteriar i prøva eller ikkje. Tel kor mange bakteriekoloniar det er etter eitt døgn i varmeskåp ved 37 °C.

Vidare arbeid

Undersøk om det skjer ei endring i materialet om det får stå i romtemperatur nokre dagar.

  1. Dekk begerglaset med plastfolie slik at vatnet ikkje fordampar. La løysninga stå ved romtemperatur.
  2. Lag mikroskoppreparat og dyrk bakteriar med nokre dagars mellomrom for å undersøkje om livet i vatnet endrar seg.

Resultat

  • Lag ei oversikt over dei levande organismane med figurar eller bilete.
  • Forsøk å finne ut kva slags organismar det er. Kan du finne både eincella og fleircella organismar?

Konklusjon

  • Korleis stemte hypotesane dykkar? Forklar.
  • Korleis er det mogleg for organismane de har observert, å overleve frost? Diskuter og finn informasjon i kjelder.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Gunvor Berge og Tone Fredsvik Gregers. Rettshavar: Skolelaboratoriet for biologi, UiO.
Sist fagleg oppdatert 02.02.2021

Læringsressursar

Vekst og utvikling