Hopp til innhald
Fagartikkel

Transport i plantar

Alle planteceller har behov for vatn og næringsstoff. Algar og mosar løyser behovet ved direkte opptak gjennom heile overflata. Karplantane har utvikla røter og spesialisert leidningsvev for opptak og transport av vatn og næringsstoff.
Video: Hanne Hegre Grundt, Kristin Bøhle, Ragnhild Baglo / CC BY-SA 4.0

Vass- og næringsopptak hos algar og mosar

Algar lever i all hovudsak i vatn og har ikkje noko eige transportsystem. Dei er omgitt av vatn med oppløyste næringsstoff som dei tek opp direkte gjennom overflata.

Mosar manglar ekte leidningsvev og røter, og dei tek opp vatn og næringsstoff stort sett gjennom overflata. Dei fleste mosane er derfor berre eitt cellelag tjukke. Storleiken på mosane blir avgrensa av at dei manglar eit effektivt transportsystem.

Karplantar har spesialisert leidningsvev

har utvikla eit indre transportsystem. Dette leidningsvevet strekkjer seg frå rota til blada, og det består av vedvev og silvev. Vedvevet transporterer vatn og oppløyste mineral. Silvevet transporterer fotosynteseprodukt og andre organiske sambindingar. Leidningsvevet bidreg òg til å halde planten oppreist.

Leidningsvevet har litt ulik utforming hos dei ulike karplantegruppene. Utforminga er generelt meir avansert hos dei blomsterplantane. Leidningsvevet ligg vanlegvis i ein ring, men hos einfrøblada blomsterplantar er det spreidd i heile stengelen.

Fare for uttørking

Faren for uttørking er ei av dei største utfordringane for landplantar.

Mosar veks ofte i fuktige miljø, og mange veks i tette tuer for å redusere fordampinga. Dei toler likevel delvis å tørke ut.

Karplantar har eit vasstett vokslag, kutikula, på bladoverflata som hindrar fordamping. Opptak av karbondioksid til fotosyntesen skjer gjennom spesielle spalteopningar som kan opnast og lukkast. I tørre miljø må planten balansere risikoen for å tape vatn gjennom opne spalteopningar mot behovet for å ta opp karbondioksid.

Sporane hos mosane og karsporeplantane og pollenet hos frøplantane blir spreidde i luft, og er omgitt av eit beskyttande lag som hindrar uttørking.