Forskingsoppgåve om egglegging i ulike miljø
Denne oppgåva handlar om nøkkelarten raudåte (Calanus finmarchicus) og variasjon i egglegging på ulike forskingsstasjonar i Norskehavet mellom Noreg og Island.
Du skal prøve å finne ein tendens i resultata og ei sannsynleg forklaring på måleresultata frå dei fire målestasjonane når det gjeld egglegginga til raudåta.
Studer bakgrunnsmaterialet Krepsdyret Raudåte – ein nøkkelart, og sjå filmen om eggleggingsforsøket. (Desse finn du blant ressursane nedanfor.)
Studer kartet og snitta av vassmassar. Kva betyr fargekodane?
Analyser resultata frå eggleggingsforsøka, og sjå etter tendensar.
Kan du sjå nokon tendensar og samanhengar? Forklar kvifor resultata er slik.
Ressursar til hjelp
- dei vedlagde resultata frå eggleggingsforsøk på fire målestasjonar (153, 155, 156 og 160)
eggleggingsforsøket som er beskrive i filmen Eggleggingsforsøk med raudåte
- artikkelen Krepsdyret raudåte – ein nøkkelart
- oppgåver om formeiring og vandring hos raudåte
- eit kart som viser plassering av stasjonane
- eit snitt som viser kva vassmassar og temperaturar kvar stasjon er innanfor
- eit snitt som viser temperatur og fluorescens i havet (fluorescens har samanheng med mengda klorofyll)
Filer