Hopp til innhald

Fagstoff

Ukjønna formeiring hos dyr

Ukjønna formeiring skjer utan befrukting og er ikkje så vanleg hos dyr. Hos enkelte organismar skjer det likevel i fasar av livet, som ei tilpassing til ugunstige miljøforhold.
Foto av liten og glinsande mark
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ukjønna formeiring

Ved ukjønna formeiring skjer det inga befrukting, og avkomet blir ein genetisk kopi av morindividet. Ukjønna formeiring kan skje på fleire måtar:

  • todeling

  • knoppskyting

  • fragmentering

  • jomfrufødsel

Illustrasjon som viser korleis tre ulike organismar blir til fleire ved å dele seg opp på ulike måtar
Opne bilete i eit nytt vindauge

Todeling – éin blir til to

Todeling, også kalla binær fisjon, er vanleg hos prokaryote organismar (bakteriar). Men det skjer òg hos eincella dyr og nokre enkle fleircella dyr. Når organismen kjem opp i ein viss storleik, deler han seg på midten og blir til to skilde organismar. Nokre eincella dyr kan dele seg i to ved mitose, på same måte som kroppscellene våre deler seg. Tøffeldyr er eit eincella dyr som kan formeire seg ved todeling. Flatormane er ei gruppe fleircella dyr som også nyttar denne typen formeiring.

Knoppskyting – ein utvekst blir til eit nytt individ

Ved knoppskyting blir det danna ein utvekst frå organismen. Utveksten forlèt den opphavlege organismen og utviklar seg til eit sjølvstendig individ.

Knoppskyting finst hos nesledyr som korallar og . Mange flatormar kan òg formeire seg på denne måten.

Filmklippet viser korleis knoppskyting skjer hos ein hydra. Ein knopp veks ut frå mor-organismen, forlèt denne og veks opp til eit nytt hydra-individ. Hos korallar vil ikkje knoppen forlate mor-organismen, men bli verande og utgjere ein del av kolonien av korall-individ.

Fragmentering – bitar gir nye individ

Fragmentering inneber at det losnar ein bit av kroppen, og at denne biten veks opp til eit nytt individ.

Hos sjøstjerner er fragmentering ein vanleg måte å formeire seg ukjønna på. Leddormar, og er andre grupper av dyr som kan formeire seg ved fragmentering.

Individ som blir danna ved fragmentering, vil ha ulik storleik rett etter fragmenteringa. Dette skil seg frå todeling, der det blir danna to individ som er like store i utgangspunktet.

Illustrasjon som viser at ei sjøstjerne mister den eine armen, og at denne så veks opp og blir til ei ny sjøstjerne. På den opphavlege sjøstjerna veks det ut ein ny arm på same stad som der armen var festa i utgangspunktet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk gjennom!

Fordi sjøstjerner er rovdyr som kan ete store mengder muslingar, er dei uønskte av dei som driv oppdrett av til dømes østers. Ein metode har vore å klippe sjøstjernene i to, for så å kaste dei ut i sjøen igjen. Kor god trur du denne metoden er viss formålet er å redusere talet på sjøstjerner?

Jomfrufødsel – egg utviklar seg utan befrukting

Ved jomfrufødsel (partenogenese) blir det lagt eit egg som utviklar seg til eit individ utan at egget blir befrukta. Avkomet som blir danna, kan vere (n) eller (2n), avhengig av kva prosess eller art det dreier seg om.

Vi finn jomfrufødsel hos virvellause dyr som vasslopper, bladlus, anemonar, pinnedyr, nokre typar maur, veps og bier. Hos bier kan dronninga leggje egg som ikkje blir befrukta. Desse egga utviklar seg til haploide dronar (hannar). Viss egga blir befrukta, blir det danna diploide (2n) hoer, og viss eit befrukta egg blir fôra med såkalla dronninggelé, blir resultatet ei dronningbie.

Jomfrufødsel hos pattedyr har ikkje blitt observert i naturen.

Foto av mange bier som sit på ei bikake
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordelar og ulemper ved ukjønna formeiring

Fordelar

  • Individa treng ikkje å bruke tid og energi på å finne nokon å pare seg med. Ein populasjon kan dermed vekse raskt i tal.

  • Avkomet vil vere like godt tilpassa omgivnadene som det foreldra er.

Ulemper

  • Viss det skjer ei endring i miljøet, vil ingen individ vere betre tilpassa ei slik ei slik endring enn andre.

  • Viss det oppstår mutasjonar som er negative for arten, vil desse bli verande lenger. Hos artar med kjønna formeiring kan derimot slike mutasjonar lukast ut nokså raskt.

Kjelder

Brøgger, A., Åbro, A. og Hjermann, D. Ø. (2021, 12. januar). Partenogenese. I Store norske leksikon. Henta 6. februar 2022 frå https://snl.no/partenogenese

OpenStax. (2018, 28. mars). Reproduction methods. Henta frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/43-1-reproduction-methods#0

Starfish. (2022, 3. januar). I Wikipedia. Henta 6. februar 2022 frå https://en.wikipedia.org/wiki/starfish

Sverdrup-Thygeson, A. (2021). Insekter i Norge. Kagge forlag.

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 06.02.2022

Læringsressursar

Formeiring hos dyr