Prinsipp for formeiring hos dyr
For å overleve må individ kjempe om mat og leveområde, vandre over store strekningar og ta i bruk mange ulike åtferdsmønster for å klare seg frå dag til dag. Det er likevel berre gjennom å formeire seg, og få avkom, at arten kan overleve. Å formeire seg er ein grunnleggjande livsprosess. Formeiringa skjer ukjønna eller kjønna.
Ukjønna formeiring skjer utan befrukting, og individa kan produsere mange genetiske kopiar av seg sjølv i løpet av kort tid. Ukjønna formeiring kan skje på fleire måtar. Nokre døme er:
knoppskyting
todeling
fragmentering
jomfrufødsel
Dyr som formeirar seg ukjønna, kan som regel òg formeire seg kjønna i enkelte fasar av livet.
Ved kjønna formeiring skjer det ei befrukting der ei sædcelle smelter saman med ei eggcelle. Den befrukta eggcella inneheld genetisk materiale frå både hannen og hoa. Kjønna formeiring gir dermed avkom som er genetisk ulikt frå foreldra. Dette gir genetisk variasjon og gjer at arten kan tilpasse seg til endringar i miljøforholda.
Befruktinga kan skje inni eller utanfor kroppen. Individa som formeirar seg, kan ha eitt eller to kjønn, eller dei kan veksle mellom å ha eitt eller to kjønn i ulike fasar av livet.
Det er ikkje berre plantar som vekslar mellom ukjønna og kjønna formeiring i ulike fasar av livet. Også enkelte dyr gjer dette: Dei har såkalla generasjonsveksling. Dette kan vere ei tilpassing til miljøforhold.
Eit døme er tøffeldyr: Dei har ukjønna formeiring ved todeling når miljøforholda er gode og stabile. I ein slik situasjon er det berre å produsere identiske individ som alle er like godt tilpassa omgivnadene. Viss miljøforholda endrar seg, kan tøffeldyret gå over til kjønna formeiring, der ulike tøffeldyr utvekslar arvemateriale med kvarandre. Dette gir genetisk variasjon blant avkomet og dermed moglegheiter for individ som er betre tilpassa til det nye miljøet.
Livet på jorda starta i havet, men har gradvis utvikla seg, og mange livsformer er derfor tilpassa miljøforholda på land. Det ser vi på måten dyra formeirar seg på. Organismar som lever i vatn, har som regel ytre befrukting, mens dyr som lever på land, gjerne har indre befrukting.
Ytre befrukting i vatn
Hos mange artar som lever i vatn, skjer befruktinga utanfor kroppen. Hos laks og ein del andre fiskar legg hoa egg (rogn) på botnen av elva eller i dei frie vassmassane. Deretter sym hannen over egga, samtidig som han skil ut sædceller (mjølke). Gytinga er ei stor påkjenning, og mange individ døyr i tida rett etter gytinga. Dei befrukta eggcellene utviklar seg først til eit lite foster og deretter til ein frittsymjande larve som lever og utviklar seg vidare i vatn.
Nokre landlevande dyr, mellom anna amfibium, vender tilbake til vatn for å gyte. Egga blir befrukta og utviklar seg til vasslevande larvar, men lenger ut i utviklingsprosessen kryp dei unge individa opp på land og lever mesteparten av sitt vaksne liv der.
Gyting
Enkelte artar havåbor (i familien Serranidae) gyter i stort tal. Gytinga skjer ved fullmåne til bestemte tider på året og på same stad kvart år. Fordi ein veit kvar fiskane kjem til å opphalde seg, har desse områda vore populære fiskeplassar. Dette har gått hardt utover bestanden til enkelte av desse artane.
Indre befrukting på land
Ved indre befrukting blir sædcellene overførte til forplantingsorgana til hoa når dyra parar seg. Sædcella og eggcella smelter saman inne i kroppen til hoa.
Hos artar som har frigjort seg heilt frå eit liv i vatn, til dømes krypdyr og fuglar, har det livsviktige behovet for fukt omkring fosteret blitt vareteke ved at fosteret utviklar seg inne i eit egg med skal. Nokre ganske få primitive pattedyr legg òg egg, men hos dei aller fleste pattedyra utviklar avkomet seg inne i hoa: i ei livmor, der fosteret sym i fostervatn.
Visste du ...?
Når vi menneske er på fosterstadiet, badar vi i fostervatn med same saltinnhald som urhava på jorda hadde. Dette minner oss om vår evolusjonære fortid i havet!
Vi veit ikkje kor mange dyreartar det finst på jorda. Ein stad mellom 3 og 30 millionar er eit realistisk anslag. Kvar art har sin nisje i naturen, og artane konkurrerer heile tida med kvarandre. Som ein naturleg del av livet si utvikling døyr nokre artar ut, og nye artar oppstår.
Når mange artar deltek i kampen for å overleve, vil det utvikle seg spesialtilpassingar som gir konkurransefordelar. Dette resulterer i stor variasjon i formeiringsstrategiar. Det finst nesten like mange måtar å formeire seg på som det finst artar, og formeiringa er oftast sterkt knytt til miljøet arten lever i.
Prinsipp for formeiring hos dyr
Ukjønna: Avkomet er genetiske kopiar av foreldra.
knoppskyting
todeling
fragmentering
jomfrufødsel
Kjønna: Kjønnsceller frå foreldra smelter saman og gir avkom som er genetisk forskjellig frå foreldra.
- Ytre befrukting: Befrukting skjer utanfor kroppen. Tilpassing til liv i vatn.
- Indre befrukting: Befrukting skjer inni kroppen. Tilpassing til liv på land.
Relatert innhald
Denne e-førelesinga tek for seg generasjonsveksling hos ulike organismar.