Samandrag – formeiring hos dyr
Det er gjennom å formeire seg, og få avkom, at ein art kan overleve. Å formeire seg er ein grunnleggjande livsprosess.
Ukjønna formeiring skjer utan befrukting, og individa kan produsere mange genetiske kopiar av seg sjølv i løpet av kort tid. Dette kan skje ved
todeling
knoppskyting
fragmentering
jomfrufødsel
Ved kjønna formeiring skjer det ei befrukting, anten utanfor eller inni kroppen.
Kjønna formeiring gir individ som er genetisk ulike frå foreldra sine. Dette er ei viktig tilpassing til endra miljøforhold.
Nokre dyr vekslar mellom ukjønna og kjønna formeiring i ulike fasar av livet. Dei har såkalla generasjonsveksling. Dette kan vere ei tilpassing til miljøforhold.
Livet på jorda starta i havet, men har gradvis utvikla seg, og mange livsformer er derfor tilpassa miljøforholda på land. Det ser vi på måten dyra formeirar seg på. Organismar som lever i vatn, har som regel ytre befrukting, mens dyr som lever på land, gjerne har indre befrukting.
Ytre befrukting
Ytre befrukting inneber at egg- og sædceller smelter saman utanfor kroppen til hoa. Denne metoden er vanleg hos dyr som lever i vatn. Fisk og amfibium er døme på dyregrupper der ytre befrukting er vanleg.
Indre befrukting
Indre befrukting er det vanlegaste hos dyr som lever på land. Dei befrukta egga kan leggjast utanfor hoa eller utviklast inne i hoa. Når egga utviklar seg inne i hoa, kan fosteret anten vekse opp med næringa inne i egget eller få tilført næring frå ei morkake gjennom ein navlestreng.
For å overleve som art må individa formeire seg. Ved kjønna formeiring må individa
finne ein eigna partnar
gjennomføre befrukting
sørgje for at avkomet veks opp
Oppgåve | Døme på tilpassingar |
---|---|
Finne eigna partnar | song, spel, gåver, luktsignal, utsjånad, vandringar |
Gjennomføre befrukting | indre befrukting, utvikling av penis |
Sørgje for at nok avkom overlever | få mange avkom, yngelpleie |