Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver om formeiring hos virveldyr

Gjennom desse refleksjonsoppgåvene kan du lære meir om formeiringa hos ulike virveldyr, til dømes fisk, amfibium, krypdyr og fuglar. Oppgåvene omfattar ikkje pattedyr.
Foto av egg med ulike fargar og mønster
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fisk

  1. Ein guppy (ein type akvariefisk) føder levande ungar, mens ein torsk i Barentshavet legg tusenvis av egg som blir befrukta i dei frie vassmassane.

    1. Kva fordelar og ulemper har dei to måtane å få avkom på for overlevinga til arten?

    2. Kva fordelar og ulemper har guppyane av å føde levande ungar og av at dei får sædceller nok til fleire svangerskap ved éi enkelt paring?
  2. Foto av klovnefisk blant anemonar
    Klovnefiskar blir òg kalla "anemonefiskar", fordi dei lever heile livet blant tentaklane til anemonar på korallrev. Kva fordelar har klovnefiskane av dette, trur du?
  3. Tangsnella er ein nålefisk som lever i våre farvatn, og som har eit komplisert og forunderleg formeiringsmønster. Tropiske slektningar er sjøhestane. Finn ut korleis tangsneller og sjøhestar formeirar seg, og finn likskapar og forskjellar.
  4. Sild er ein stimfisk og ein av våre aller viktigaste matfiskar. Tidleg om våren kjem silda inn til kysten for å gyte. Finn ut kva miljøfaktorar som styrer gytinga, og kvifor silda oftast gyter i grunne bukter med sandbotn.
  5. Blåstål er ein fiskeart som endrar farge når han skal formeire seg.

    1. Kvifor trur du blåstålen utviklar spesielt sterke fargar under paringsleiken?

    2. Kjenner du til andre organismar som har tilsvarande fargeforandringar når dei skal formeire seg? Forklar døma dine, eller søk på internett for å sjå om du finn nokre døme.

Amfibium

  1. Filmen viser rumpetroll frå padde. Korleis kan du vite at desse rumpetrolla er i ferd med å gå gjennom metamorfose?
  1. Tidleg om våren søkjer store mengder padder til ferskvatn for å formeire seg. Dette skjer vanlegvis ved kysten av Sør-Noreg i første halvdel av april. Kva fordelar og ulemper trur du at denne masseformeiringa i ein kort periode gir?
  2. Kva fordelar har padder og froskar av at det blir utvikla eit vasshaldig geléhylster omkring egga deira?

Krypdyr

  1. I Noreg finst det berre fem krypdyrartar. Kvifor er det er så få krypdyrartar i Noreg, trur du?
  2. Dei store havskjelpaddene bruker mykje energi på å krabbe opp på stranda, grave hol og leggje egga sine i holet. Når ungane blir klekte, må dei kome seg ned til vatnet så fort som mogleg for å unngå å bli etne av mellom anna sjøfugl.
    1. Kvifor legg ikkje berre skjelpaddene egga direkte i vatnet, i staden for å ta denne omvegen via land?
    2. Peik på fordelar og ulemper ved denne formeiringsstrategien.

Fuglar

  1. Fuglar bruker mykje tid og energi på å byggje reir, ruge på egg og pleie ungane sine. Kva gevinst får fuglane av ei slik komplisert og energikrevjande formeiringsåtferd?
  2. Nokre stader i Noreg, mellom anna i Gjesvær i Finnmark og på Røst ytst i Lofoten, finst det store fuglefjell der tusenvis av sjøfugl hekkar. Kva meiner du er fordelane og ulempene for fuglane ved å hekke i koloniar på denne måten?
  1. Den afrikanske strutsen legg egg i store reir på savannen. Fleire hoer byggjer reir saman og legg egga sine der. Kva fordel har strutsen av denne åtferda, trur du?
  2. Nokre fuglar er monogame. Det vil seie at dei har same partnar heile livet. Knoppsvana (Cygnus olor) er eit døme på dette. Kva fordelar og ulemper trur du ei monogam formeiringsåtferd blant fuglar inneber?
  3. Foto av vendehals, ein spettefugl som hekkar i Europa

    Søk på nettet, og finn ut kva som særpregar formeiringa til gauk (Cuculus canorus) og vendehals (Jynx torquilla).

  4. Kva slags kvalitetar har fugleegget som gjer at formeiringa hos fuglar er ei tilpassing til eit liv på land?
  5. Fuglane har ei rekkje elegante paringsritual og driv aktiv . Men korleis skjer sjølve paringa og befruktinga?
CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022

Læringsressursar

Formeiring hos dyr