Refleksjonsoppgåver om formeiring hos pattedyr
På kva måte kan vi seie at dei mest primitive pattedyra har store likskapstrekk med krypdyr og fuglar?
Morkake er det organet som gjer at pattedyr kan ha lange indre svangerskap. Det gir velutvikla, levandefødde ungar. På kva måte gjer morkaka dette mogleg?
- Pungdyr manglar morkake eller har ei ufullkomen morkake. Korleis påverkar dette fosterutviklinga og yngelpleia hos desse dyra?
Formeiring hos pattedyr er ikkje direkte knytt til vatn. Likevel er pattedyra avhengige av fukt under befrukting og fosterutvikling. Korleis har pattedyra løyst dette?
I område med årstidsvariasjonar blir dei fleste ungane fødde om våren. Kvifor er det slik, trur du?
- Fleire pattedyrartar i nordlege strøk har det som blir kalla "forseinka innplanting". Det inneber at utviklinga av fosteret stoppar opp berre nokre dagar etter befruktinga. Seinare held utviklinga fram som normalt. Dette gjeld mellom anna rådyr, grevling og bjørn. Kva trur du kan vere formålet med ei slik tilpassing?
- Beveren lever i familiegrupper, men når ungane er i toårsalderen, forlèt dei familien. Kvifor trur du dei dreg i staden for å bli i gruppa?
Hos løver er løvinnene ofte saman når ungane syg mjølk. Kva fordelar kan denne åtferda ha?
Hos mange pattedyr, mellom anna hos hjortedyr, er det kroppslege forskjellar mellom hannar og hoer. Kva trur du det kan kome av?
Menneskefosteret badar i fostervatn. Korleis kan det då puste utan å drukne?