Hopp til innhald
Forsøk

Forsøk: Formeiring hos eincella organismar

For eincella organismar er celledeling den einaste måten dei kan formeire seg og produsere nye avkom på. I dette forsøket skal du bli kjend med celledeling og formeiring hos gjærsopp.

Bakgrunnsinformasjon

For eincella organismar er celledeling den einaste måten dei kan formeire seg og produsere nye avkom på. Todeling er vanleg hos bakteriar og andre prokaryote organismar. Men vi finn det òg hos eukaryote organismar som eincella dyr og nokre enkle fleircella dyr.

Føremål

Bli kjend med ulike former for celledeling og formeiring hos eincella organismar.

Framgangsmåte

  1. Veg og tilset 2 gram gjær i kvar av dei tre erlenmeyerkolbane.

  2. Merk dei tre kolbane med 1, 2 og 3.

    • Kolbe 1: Lat stå som han er.

    • Kolbe 2: Tilset ½ matskei sukker.

    • Kolbe 3: Tilset ½ matskei salt.

  3. Juster temperaturen på vatnet, slik at det måler 40 °C. Fyll 200 ml vatn som held 40 °C, i kvar av dei tre kolbane.

  4. Vreng ein ballong over opninga på kolben, slik at ballongen heng ned inni kolben.

  5. Beveg forsiktig på kolbane, slik at alt innhaldet blir blanda.

  6. Lat kolbane stå i romtemperatur. Observer kva som skjer.

Studer gjærcellene under mikroskopet

Mens du lèt kolbane stå og ventar på kva som skjer, kan det vere spennande å studere gjærcellene under mikroskopet.

Ta ut litt av blandinga frå kvar av dei tre kolbane. Dryp ein liten drope frå den kolben du ønskjer å studere, på eit objektglas. Legg over eit dekkglas. Observer preparatet under mikroskopet.

Resultat og spørsmål

  1. Kva er samanhengen mellom celledeling og formeiring i dette forsøket?

  2. Forklar korleis eincella organismar kan formeire seg.

  3. Forklar forskjellen på formeiring hos prokaryote og eukaryote eincella organismar.

  4. Kva har du observert? Forklar resultatet av forsøket.

  5. Ut frå resultata av forsøket, kan du forklare vekstvilkåra til Saccharomyces cerevisiae?

  6. Kva for ein kjemisk reaksjon skjer i erlendmeyerkolben som inneheld sukker?

  7. Kan eincella organismar dele seg uendeleg? Grunngi svaret ditt.

  8. Det finst fleire typar gjærsopp. Finn ut om alle gjærsoppar formeirar seg på same måte.

Relatert innhald