Hopp til innhald
Oppgåve

Refleksjonsoppgåver om prinsipp for formeiring

Gjennom desse refleksjonsoppgåvene får du høve til å sjå nærare på prinsippa for formeiring hos dyr.

Oppgåver

  1. Forklar kvifor formeiring er heilt sentralt i evolusjon.

  2. Kva trur du er fordelen med produksjon av ulike kjønnsceller der den eine (eggcella) er stor og ubevegeleg, mens den andre (sædcella) er lita og bevegeleg?

  3. Kva type befruktning har insekt? Forklar korleis dette er ei tilpassing til miljøforhold.

  1. Kva fordelar kan ukjønna formeiring ha? Er det i bestemde miljø, hos spesielle artar eller i enkelte situasjonar at ukjønna formeiring er fordelaktig?

  2. Kva føresetnader må vere til stades for at det skal lønne seg å få nokre få avkom som foreldra investerer mykje i, samanlikna med å få mange avkom som klarer seg sjølv heilt frå dei blir fødde? Bruk døme på ulike typar organismar, ulike miljø og livssituasjonar.
  3. Korleis kan det ha seg at kjønna formeiring blir rekna som ein fordel samanlikna med ukjønna formeiring? Ved kjønna formeiring er det trass alt berre halvparten av individa som kan bere fram avkom, og to ulike celler må smelte saman for å lage ei tredje.

  1. Ein plommesekk er eit vedheng som inneheld næring til fosteret. Vi finn det hos virveldyr som pattedyr, fuglar, fiskar og reptil. Hos pattedyrfoster er plommesekken liten, mens egga til fuglar og reptil har store plommesekkar. Kvifor er det slik, trur du?

  2. I ein innsjø endrar temperatur og pH seg på grunn av klimaendringar og forureining. Det finst mange ulike organismar med ulike formeiringsmetodar i innsjøen:

  • froskar som formeirar seg kjønna

  • vasslopper som formeirar seg ved jomfrufødsel

  • hydraer som bruker knoppskyting

  • svampar som formeirar seg ved fragmentering

    Kva for ein av desse organismane vil ha størst sjanse for å overleve endringane i innsjøen? Forklar.

  1. Samanlikn utviklinga av spesialiserte kjønnsorgan hos insekt, fuglar og pattedyr.

    1. Kva fordelar og ulemper meiner du at dei ulike kjønnsorgana har?

    2. Kva tilpassingar representerer dei ulike typane kjønnsorgan?

  2. Nokre organismar kan ha to kjønn. I kva situasjonar kan dette vere fordelaktig?

  3. Organismar som lever i vatn, har som regel ytre befruktning, mens dyr som lever på land, gjerne har indre befruktning. Kvifor trur du det er slik?

  4. Kvifor er fukt ein viktig føresetnad for fosterutviklinga? Korleis har dyr som lever på land, tilpassa seg dette?

  5. Kvar art har sin nisje i naturen, og artane konkurrerer med kvarandre heile tida. Kva spesialtilpassingar meiner du vil gi ein konkurransefordel når gråsporvar skal konkurrere om ein make?

Kjelde

Clark, M. A. et al. (2018, 18. mars). Critical Thinking Questions. I Biology 2e. OpenStax. Henta 2. juni 2022 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/43-critical-thinking-questions