Oversikt over formeiring hos dyr
Gruppe | Formeiring | Anna | Eksempler |
---|---|---|---|
Eincella dyr | Ukjønna: Todeling. Kjønna: To individ utvekslar genmateriale. | Flere encellede organismer kan gå sammen og danne kolonier. | Tøffeldyr, amøbar |
Nesledyr | Ukjønna: Knoppskyting, fragmentering. Kjønna: Anemonar og korallar er einkjønna. Gyter egg og sædceller i vassmassane. Ytre befrukting. | Maneter har generasjons-veksling. Vekslar mellom kjønna og ukjønna formeiring. | Maneter, hydroidar, sjøstjerner, anemonar |
Flatormar | Ukjønna: Knoppskyting og todeling. Kjønna: Tokjønna individ med indre befrukting. | Mange artar er avhengige av ein vert for å kunne fullføre livssyklusen sin. | Bendelormar, leverikter |
Leddormar | Ukjønna: Todeling. Kjønna: Tokjønna individ befruktar kvarandre innvendig. Legg eggkokongar. | Artar som lever i havet, er gjerne einkjønna. | Meitemark, børstemark, igler |
Insekt | Ukjønna: Jomfrufødsel. Kjønna: Einkjønna. Hannen overfører sæd til hoa sine egg. Innvending befrukting. Legg egg. | Hos bier utviklar hannane (dronene) seg frå ubefrukta egg. | Ukjønna: Bladlus, galleveps, snutebiller Kjønna: Sølvkre, augestikkarar, fluger, teger, biller |
Fisk | Kjønna: Einkjønna individ har ytre befrukting og spreier egg- og sædceller i vassmassane (gyting). Haiar og rokker har indre befrukting. | Nokre fiskeartar (laks, aure) gyter ein annan stad enn der dei tek opp næring. | Laks, sei, torsk, hai |
Amfibium | Kjønna: Padder og froskar har ytrebefrukting. Salamandrar har indre befrukting. | Lever på land, men er avhengige av vatn for å kunne formeire seg. | Froskar, padder, salamandrar |
Krypdyr | Kjønna: Einkjønna individ parar seg. Indre befrukting. Hoa legg egg. | Uavhengige av vatn for å kunne formeire seg. | Ormar, firfisler |
Fuglar | Kjønna: Monogami (éin partnar) er vanleg. Hoa vel hann på bakgrunn av paringsritual. Indre befrukting. Legg egg. | Yngelpleie i reiret. Revirhevding med song. | Blåmeis, svane, tiur, struts, andefuglar |
Pattedyr | Kjønna: Paring skjer i brunstperioden. Indre befrukting. | Yngelpleie. Kloakkdyr legg egg. Pungdyr utviklar seg i mora sin pung i siste del av svangerskapet. | Snømus, grevling, elg, flaggermus, kenguru, kloakkdyr |
Relatert innhald
Denne e-førelesinga tek for seg korleis kjønna og ukjønna formeiring hos dyr skjer, frå dei enklaste eincella organismane til pattedyr.