Hopp til innhald

Fagstoff

Kjønna formeiring hos dyr

Dei fleste dyr formeirar seg kjønna. Ved kjønna formeiring skjer det ei befrukting, anten utanfor eller inni kroppen. Kjønna formeiring gir individ som er genetisk ulike frå foreldra sine. Dette er ei viktig tilpassing til endra miljøforhold.
Foto av orrfugl under paring. Svart fugl sit på ryggen til brunspraglete fugl.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjønna formeiring

Ved kjønna formeiring skjer det ei befrukting der ei eggcelle og ei sædcelle smelter saman og dannar ein zygote. Slik blir gen frå foreldra kombinerte på nye måtar, og vi får eit individ som er genetisk ulikt frå foreldra. Befruktinga kan skje anten utanfor eller inni kroppen. Ved indre befrukting skjer dette vanlegvis i kroppen hos hoa.

Illustrasjon der sædcelle frå mann smelter saman med eggcelle frå kvinne
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eitt eller to kjønn

Foto som viser utsnitt av leddelt mark med børsteliknande utvekstar på beina
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste dyr har berre eitt kjønn i løpet av livet sitt. Dei er med andre ord einkjønna. Nokre dyreartar har individ som kan ha to ulike kjønn, anten samtidig eller i ulike fasar av livet.

Meitemarkane har to kjønn samtidig

Meitemarkane har både holege og hanlege kjønnsorgan samtidig. Desse finst i fremste del av kroppen. Meitemarken parar seg likevel med ein annan meitemark ved å utveksle sædceller. Sjølve paringa kan vare i to til tre timar.

Illustrasjon som viser paring hos meitemark
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fisk som skifter kjønn

Dei fleste fiskar er einkjønna, men nokre artar har to kjønn i løpet av livet. Desse blir gjerne kalla tokjønna eller tvikjønna. Blåstål og raudnebb, som er ulike fargeformer av same art, er interessante døme frå vår eigen kyst på fiskar som skifter kjønn. Dei fleste individa er hoer tidleg i livet. Hoene kan utvikle seg til hannar når dei er 7–13 år gamle. Hannfisken blir kalla blåstål, og hofisken blir kalla raudnebb.

Ytre befrukting – befrukting utanfor kroppen

Ytre befrukting er når egg- og sædceller smelter saman utanfor kroppen til hoa. Denne metoden er vanleg hos dyr som lever i vatn. Fisk og amfibium er døme på dyregrupper der ytre befrukting er vanleg.

Korallar gyter

I filmen ser vi korallar som frigir pakker med egg- og sædceller. Desse flyt til overflata, der befruktinga skjer. Dette effektiviserer gytinga og fører til minimalt tap av kjønnsceller.

På korallreva ved austkysten av Australia skjer formeiringa kvart år ei natt i november. Då gyter millionar av korallpolyppar egg- og sædceller i vassmassane. Masseformeiringa blant dei tropiske korallane er eit spektakulært syn og blir først og fremst styrt av vasstemperaturen og månelyset.

Fiskar slepper egg og sædceller fritt i vatnet

Foto som viser tidleg utviklingsstadium hos fisken breiflabb. Larven har store svarte auge og nesten gjennomsiktig kropp.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fleste , til dømes torsk, sei, lyr og sild, er einkjønna. Dei blir fødde som ho eller hann. Hoene slepper ut egg (rogn), og hannane slepper ut sædceller (mjølke) fritt i vatnet, der befruktinga skjer. Egga blir klekte til små larvar med plommesekk, ein liten utposing med næring til larven. Larvane lever i dei frie vassmassane, et plankton og veks opp til kjønnsmodne individ. Dette er den vanlegaste strategien for formeiring hos fiskar i havet.

Froskar og padder legg egg i vatn

Froskar og padder har ytre befrukting. Hoa legg egga i vatn. Der blir dei befrukta av sædcellene frå hannen. Egga er omgitt av eit geléliknande stoff som vatn og gassar kan trengje gjennom. Geléen trekkjer til seg vatn, bidreg til utskiljing, svell ut og beskyttar egget.

Illustrasjon som samanliknar livssyklusen hos frosk og salamander
Opne bilete i eit nytt vindauge

Indre befrukting – befrukting i kroppen til mordyret

Frå eit liv i vatn med ytre befrukting har dyra tilpassa seg til eit liv på land ved å utvikle indre befrukting. Uspesialiserte formeiringsorgan har utvikla seg til meir spesialiserte formeiringsorgan som gjer at kjønnsceller kan møtast på ein presis måte. Ved indre befrukting har gjerne hannen eit formeiringsorgan (penis) som blir ført inn i hoa og overleverer mannlege kjønnsceller med ganske stor presisjon.

Det befrukta egget veks og utviklar seg inne i eit egg (hos fuglar og krypdyr) eller inne i mordyret (hos dei fleste pattedyr).

Ulike typar fosterutvikling:

Fosterutvikling

Beskriving

Døme på dyregrupper

ovopari

Legg egg og rugar dei utanfor kroppen.

svampar, nesledyr, pigghudingar, insekt, fiskar, amfibium, fuglar, krypdyr (dei fleste), nebbdyr, maurpiggsvin

ovovivipari

Legg egg og rugar dei ut inni kroppen, eller føder ungar som ikkje er ferdig utvikla.

kenguru, hoggorm, firfisle, nokre haiartar

vivipari

Føder levande og "ferdig" utvikla ungar.

dei fleste pattedyr

Krypdyra tilpassa seg eit liv på land

Foto som viser liten krokodille på veg ut av egget
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krypdyra var den første dyregruppa som gjorde seg heilt uavhengig av vatn under formeiringa. Dei legg egg på land, og fukta som fosteret treng, finst i egget. Egga blir lagde gjennom ei kloakkopning – ei felles opning for både kjønnsprodukt og avfallsstoff.

Som regel grev krypdyra egga sine ned i sand eller jord. Ungane som blir klekte, er miniatyrar av dei vaksne.

Hos krokodillar er temperaturen under fosterutviklinga ein avgjerande faktor for å bestemme kjønnet til avkomet. Låg temperatur gir hoer, mens høg temperatur gir hannar. Det er snakk om berre eit par graders variasjon i temperatur.

Pattedyr har indre befrukting

Alle pattedyr har indre befrukting. Dei fleste føder levande ungar, men det finst òg nokre artar som legg egg. Morkakedyr er den største gruppa av pattedyr. Morkaka er det organet som forsyner fosteret med næring og oksygen frå mora, og som gjer det mogleg med forlengde indre svangerskap.

Foto av rottefoster festa til morkake
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordelar og ulemper ved indre befrukting

Fordelar

  • Hoa kan velje kva hann som skal befrukte egga.

  • Hoa kan påverke når befrukting skal skje.

  • Fosteret blir beskytta mot predatorar og uttørking.

Ulemper

  • Hannen og hoa må vere synkroniserte med tanke på fruktbarheit.

  • Færre avkom kan produserast, sidan det krev mykje energi å bere fram avkomet.

Kjelder

Bonner, J. T. (2019, 18 januar). Reproduction. I Encyclopedia Britannica. Henta 6. februar 2022 frå https://www.britannica.com/science/reproduction-biology

OpenStax. (2018, 28. mars). Reproduction methods. Henta 6. februar 2022 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/43-1-reproduction-methods

OpenStax. (2018, 28. mars). Sexual reproduction. Henta 6. februar 2022 frå https://openstax.org/books/biology-2e/pages/11-2-sexual-reproduction

Aarnes, H. (2019, 7. januar). Zoologi. I Botanisk og plantefysiologisk leksikon. Henta 6. februar 2022 frå https://www.mn.uio.no/ibv/tjenester/kunnskap/plantefys/zoologi/

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin og Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2022

Læringsressursar

Formeiring hos dyr