Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Refleksjonsoppgåver om formeiring hos virvellause dyr

Gjennom desse refleksjonsoppgåvene kan du sjå nærare på formeiringa hos virvellause dyr som nesledyr, flatormar, leddormar og insekt.
Foto av mange anemonar som er feste til ein stein
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Anemonar sit fast på botnen, oftast på steinar eller bryggjestolpar. Dei kan ikkje bevege seg. Korleis kan dei likevel spreie seg langs heile norskekysten og raskt kolonisere til dømes stolpane på ei ny bryggje?

  2. Anemonen hesteaktinie føder levande ungar (han er ). Kva fordelar og ulemper trur du dette gir?

  3. Fordi sjøstjerner er rovdyr som kan ete store mengder muslingar, er dei uønskte av dei som driv oppdrett av til dømes østers. Ein metode har vore å klippe sjøstjernene i to, for så å kaste dei ut i sjøen igjen. Kor god trur du denne metoden er viss formålet er å redusere talet på sjøstjerner?

  4. Søk på internett, og finn informasjon om lakseparasitten Gyrodactylus salaris.

    • Kvar i Noreg kan vi finne denne parasitten?

    • Parasittar gjer skade på andre organismar. Finn ut om det er område i Noreg der lakseparasitten har gjort stor skade.

    • Kva metodar bruker vi i Noreg for å kjempe mot denne parasitten?

  5. Kva strategiar for formeiring har bendelormen utvikla for å kunne leve som parasitt i tarmen hos oss menneske?
  6. Mange flatormar kan regenerere (nydanne) kroppsdelar.

    1. Finn døme på andre dyregrupper som også kan gjere dette.

    2. Kvifor kan ikkje pattedyr eller fuglar regenerere kroppsdelar, trur du?

  7. Mange av dei tropiske flimmerormane har flotte fargar. Kva nytte kan dei ha av dette?

  8. På kva måte kan vi seie at formeiringa hos meitemarken er tilpassa til eit liv på land?

  9. Meitemarkane ligg i kvar si retning under paringa. Kva trur du kan vere årsaka til dette?

  10. Det finst ei rekkje ulike formeiringsstrategiar blant insekta. Nokre artar er det vi kallar sosiale, og lever i kompliserte samfunn.

    1. Kvifor trur du at det har utvikla seg slike samfunn hos enkelte artar?

    2. Kva formeiringsfordelar kan slike grupper gi?

  11. Kan du finne døme på ukjønna formeiring hos insekt?
CC BY-SASkrive av Alf Jacob Nilsen.
Sist fagleg oppdatert 15.02.2022

Læringsressursar

Formeiring hos dyr